Kamp referat:
Flotte
forhold på Lysekloster for første seriekamp og ein motivert
Viggo gjeng stilte til kamp. Dei 11 som starta siste
treningskamp mot Smørås fekk fornya tillitt av Tor-Eivind.
Lysekloster stiller med eit sterkt lag og har med fleire
spelarar frå førstelaget. Og i dei første minutta av kampen er
det Lysekloster som styrer det meste av det som skjer. Dei
trillar ballen og vi blir springande mykje imellom. Det tar
likevel eit kvarter før dei får utteljing, når Lysekloster slår
ballen inn frå sin venstrekant mot bakre stolpe der dei er i
overtal og kan sette inn leiarmålet.
Utover
omgangen kjem Viggo meir med i kampen og vi klarer etter å skape
nokon sjansar til å score sjølve, men det er likevel Lysekloster
som skapar dei fleste store sjansane og dei er veldig nær til å
auke leiinga ved eit par høver.
I andre
omgang startar Viggo betre og vi er meir kompakte når vi
forsvarer oss. Vi held meir på ballen og vi er farlege på eit
par overgangar og skapar nokon store sjansar. Vi får utteljing
når Are pressar keeperen til Lysekloster til å gjere ein feil og
Are kan sette ballen i det tome målet til 1-1. Like etter
utlikninga forsvinn lyset på bana og vi får ein pause på 15
minutt før spelet kjem i gang igjen. Etter at lyset kjem på
igjen flytta Lysekloster opp fleire folk i jakt på fleire mål.
Og eit laust skot frå 20 meter snik seg forbi Morten til 2-1
leiing. Viggo gjev ikkje opp og vi pressar Lysekloster høgt i
bana og skapar fleire halvsjansar før vi rett før slutt bryt
igjennom forsvaret til Lysekloster når Are legg igjen ballen til
Ørjan som dunkar ballen i lengst hjørne til 2-2. I kampens siste
minutt får vi frispark frå om lag 25 meter. Ørjan skyt i lengste
hjørnet og ballen blir stoppa på streken.
Etter ein
tøff start kjem vi inn i kampen og får med oss eit poeng frå ein
vanskeleg bortekamp, og med litt flaks kunne vi tatt med oss
alle poenga.
|