Kamp referat:
Ein flott maidag på Eidsvåg idrettsplass og ein motivert gjeng
Viggo spelarar gjekk til kamp for å få årets første seier.
Eidsvåg startar best og pressar Viggo bakover i starten av
kampen. Eidsvåg prøvar å komme seg rundt på kantane, og stort
sett er Viggo flinke til å avklare dei innlegga som kjem.
Etter 15 min får Eidsvåg frispark frå 25 meter. Ballen blir
slått på mål, og blir stussa vidare i lengste hjørne til 1-0.
Viggo hevar seg og vi har ein strålande periode utover første
omgang. 1-1 kjem etter at Anders spelar Are fri på
venstrekanten. Are setter fart og spelar 45 grader til Martin
som setter inn utlikninga.
1-2 kjem etter at Are blir spelt igjennom aleine igjennom med
keeper frå Martin og rundar keeper og setter ballen i mål.
1-3 kjem frå Eirik som blir spelt igjennom av Martin og setter
ballen forbi keeper.
1-4 kjem etter eit langt oppspel frå Olav som Are stussar vidare
til seg sjølv og sender ballen i mål til 1-4.
I tillegg har vi eit par store sjansar til å score enda fleire
og eit avslutning som smeller i tverrliggaren. Mot slutten av
omgangen kjem og Eidsvåg til eit par store sjansar og har og ein
i tverrliggaren utan å få utteljing.
Etter pause startar Viggo bra, men Eidsvåg tek etter kvart over
initiativet. Dei får etter kvart og utteljing.
2-4 kjem etter eit langt oppspel der spissen sler Morten i
duellen og stangar ballen i mål.
3-4 kjem etter mykje fram og tilbake framfor Viggo sitt mål, og
ei avslutning som går i stolpen og i ryggen på Ove og i mål.
Utlikning kjem etter eit innlegg frå Eidsvåg sin høgrekant mot
første stolpe der spissen stangar inn 4-4.
Både Eidsvåg og Viggo har sjansar til å avgjere kampen mot
slutten, og både Kristian og Martin har to store sjansar mot
slutten til å sikre sigeren. Men kampen endar tilslutt uavgjort.
|