Kamp referat:
Bortekamp på Viggo stadion mot Vestkysten berre 27 timar sidan
vi avslutta vår kamp mot Nore Neset. Eit par endringar på laget
frå dagen før, og det er eit heiltent Viggo lag som stiller opp
til kamp. Før kampen får vi overlevert Vestkysten skjerf av
laget med rosa drakter, ein veldig hyggelig gest av våre
motstandarar.
Kampen startar i høgt tempo og mens Viggo prøvar å spele langs
bakken satsar Vestkysten på høg oppspel mot spissane. Viggo går
ut med høgt press og vi lykkast med å vinne ballen ved fleire
høve høgt oppe i bana. Vi får og utteljing tidleg når Anders M.
slår eit strålande pasning til Martin som rundar forsvar og
keeper og setter inn 0-1 til Viggo. Etter målet yppar Vestkysten
seg litt og spesielt på dødballar skapar dei nokon farlege
halvsjansar. Viggo er likevel farlegast og med det høge presset
skapar vi fleire farlege sjansar framover.
Andre målet kjem etter eit direkte frispark
frå om lag 20 meter som Ørjan dunkar inn i målet. Deretter
Martin frampå og puttar sitt andre for dagen. Vestkysten er
fysisk sterke og klarar 10 minutt før pause å stange inn ein
corner til redusering 1-3. Viggo slår tilbake få minutt etterpå
når Olav slår ei fantastisk pasning i bakrommet til Martin som
puttar sitt tredje for dagen og nummer 60 totalt for Viggo. I
tillegg har vi og to mål som blir annullerte for offside i
1.omgang,
og stillinga er dermed 1-4 til
pause.
I pausen er vi bestemte på å forsette med den gode innsatsen og
unngå dei farlege dødballane imot. Vestkysten startar 2.omgang
best, og Morten har eit par strålande redningar i starten. Viggo
tek etter kvart over spelet igjen og 1-5 kjem etter ei lang
avklaring som Daniel T. kjempar vidare til Marius som sikkert
trillar ballen forbi keeperen. Vi held oppe trykket og Eirik kan
sette inn 1-6 etter ein retur frå keeper. Kristian kjem inn i
midten av andre omgang og puttar to kjappe. Først 1-7 etter
strålande løp av Stian langs høgresida, som slår inn i feltet og
der tuppar Kristian ball. 1-8 kjem etter at Kent-Ove bryt på
venstresida og tar med seg ballen oppover. Etter nokon gode
kombinasjonar er det igjen Kristian som setter ballen i mål. 1-9
kjem etter at Christopher kjem seg fram på venstrekanten og slår
eit presist innlegg på bakarste stolpe. Der er Roger klar og
stangar inn dagens siste mål.
Nok ein god kamp av Viggo, spesielt med tanke på at vi spelte
ein kamp dagen før. Vestkysten er eit fysisk lag, men vi matchar
dei på fysikken og når vi får spelet vårt til å flytte klarer
dei ikkje å henge med.
|