Kamp referat:
Sola skinte
på Os når Viggo tok turen for å møte Søre Neset. Søre Neset
startar veldig bra og får 1-0 etter 1 min, etter eit gjennomspel
som går til spissen som sikkert setter ballen bak Morten. Viggo
hevar seg kjapt og vi pressar Søre Neset bakover på bana. Vi
skapar fleire halvsjansar før vi får ein corner etter omtrent 10
minutt. Ørjan sler ballen inn i feltet der Marius er høgast og
stangar inn 1-1. Få minutt seinare blir Ørjan spelt fri på
midten. Ørjan vender fint og spelar til Eirik. Eirik drar seg
forbi eit par mann før han dunkar ballen i mål til 1-2. Resten
av omgangen har Viggo god kontroll på Søre Neset. Vi skapar ein
del gode sjansar, men vi klarer ikkje å score fleire. Søre Neset
har ein stor sjanse til, men Morten gjer ei strålande redning
slik at stillinga er 1-2 til pause.
Viggo
startar 2.omgang best og vi har god kontroll på Søre Neset. Vi
kjem oss fint rundt på kantane, men vi kjem ikkje til dei heilt
store sjansane. Om lag eit kvarter ut i omgang spelar vi oss
fint fram på venstrekanten. Martin spelar til Anders som dunkar
ballen i mål til 1-3. Etter dette hevar Søre Neset seg, og kjem
meir med i kampen. Etter 70 minutt får dei frispark frå om lag
25 meter. Ein kort variant av frisparket blir dunka i mål. Etter
dette pressar Søre Neset på for utligninga, men Viggo er
samtidig nære med å få til nokon farlege overgangar. 5 minutt
før slutt spring spissen inn i foten til Ove og går overende, og
dommaren dømmer straffe. Morten går feil veg og dermed er
stillinga 3-3. Heilt på slutten får Martin ein stor sjanse
aleine med keeper. Ballen går i stanga og sprett langs linja før
Søre Neset får avklart.
Kampen
endar dermed 3-3, etter ein varierande kamp av Viggo. I enkelte
periodar er vi gode, men i andre periodar blir vi passive og
vinn for få duellar. Alt i alt greitt med uavgjort, sjølv om
Viggo var veldig nær sigeren i sluttminutta.
|