Kamp referat:
Bana på Skogsvåg var nok ikkje slådda sidan vinteren slapp
taket, men ellers var det fine forhold for fotball på Sotra.
Nesten ingen vind, litt regn i lufta og 5-6 pluss grader. Eit
litt redusert Viggo lag møtte til kamp og kun to innbyttarar var
tilgjengelige til kampen.
Kampen startar jamt og ingen av laga får
noko klart initiativ i starten. Vi prøver å slå langt i starten
av kampen, utan at vi klarar å skape nokon store sjansar. Etter
kvart tar vi ballen meir ned og prøvar å spele meir langs
bakken. Vi kjem etter kvart til nokon sjansar, dei fleste etter
at vi spelar oss rundt på kantane og sler inn framfor mål. Vi
slit med å få nok folk framfor mål og klarar ikkje å utnytte
innleggssjansane. Skogsvåg spelar og ein del langt, og er i
tillegg flinke til å vinne andre ballane etter oppspela. Dei
kjem til ein del sjansar og Morten har fleire strålande
redningar i løpet av omgangen. Etter om lag ein halvtime spelar
vi oss fint igjennom midten og Marius får snu opp på om lag 20
meter. Han rundar ein Skogsvåg spelar og sender avgårde eit
ikkje altfor hardt skot. Det er mulig at ballen stussar kraftig
i bana, men snik seg uansett under keeper og inn i nettet. Det
blir einaste målet i første omgang, og
vi går dermed til pause med ei noko
heldig leiing.
Andre omgang startar bra for Viggo og vi har god kontroll på det
som skjer. Vi skapar derimot lite framover og eit par headingar
og nokon halvveis farlege avslutningar er det vi klarar å skape
i løpet av andre omgang. Frå midten av andre omgang tek Skogsvåg
meir over, og dei startar å skape sjansar mot Viggo. Utligninga
kjem etter eit innkast inn i vår sekstenmeter der vi ikkje
følger godt nok med og dei får vende opp å sette ballen heilt i
vinkelen. 2-1 kjem etter ein corner der vi ikkje klarar å få
vekk ballen og Skogsvåg er tøffast i duellane og får ballen i
mål. 3-1 kjem etter eit langt oppspel som vi ikkje klarer å få
vekk, så returen dett ned på 10 meter og ballen blir dunka i
hjørnet. Heilt på slutten kjem 4-1 etter eit litt svakt
tilbakespel blir snappa opp og satt bak Morten.
Sluttresultatet blir 4-1 til Skogsvåg og i
denne kampen tapar vi mot eit betre lag. Vi har ein del
personlege feil som er årsak til nokon av måla i andre omgang,
men kampen sett under ett er
Skogsvåg det beste laget og Morten holde oss inne i kampen i
første omgang med mange strålande redningar.
|