Kamp referat:
Eit nydeleg haustver ønskte Viggo og Skogsvåg velkomne til Viggo
stadion for årets siste seriekamp. Viggo tapar myntkastet og
startar med sola i ansiktet i første omgang. Viggo tar kjapt
initiativet i kampen og vi pressar Skogsvåg langt bak på bana.
Vi trillar ball og skapar ein del halvsjansar. Vi får utteljing
etter 24 minutt når Daniel sler ein flott corner som Skogsvåg
ikkje får avklart og som tilslutt Roger får klinka i mål. Etter
målet held vi oppe trykket i nokon minutt, men etter kvart
kjempar Skogsvåg seg inn i kampen og setter litt press på Viggo.
Etter 35 minutt får Skogsvåg corner, men Viggo køyrer eit raskt
kontring og Martin setter fart over midt og trillar ballen til
Daniel som setter inn 2-0. Mathopen gir seg ikkje etter målet og
skapar litt halvsjansar. Etter 40 minutt får dei reduseringa
etter at ballen sprett mellom fleire Viggo spelarar og til
Mathopen spelaren som kan sette ballen i lengst hjørne. Viggo
sler tilbake igjen like før pause når Eirik får ei nydeleg
pasning frå Daniel som han setter i mål til 3-1.
Andre omgang startar som første med klart overtak til Viggo, og
Skogsvåg skapar veldig lite i andre omgang. Vi har mange fine
kombinasjonar og vi skapar etter kvart mange sjansar utover i
omgangen. Vi får utteljing ved at Martin etter 56 minutt blir
spelt igjennom og setter inn 4-1. Etter 63 minutt driblar Daniel
seg fri i feltet og spelar til Martin som setter sitt andre for
dagen og Viggo sitt femte. Mot slutten har vi fleire sjansar til
å auke leiinga, men siste målet kjem ikkje før 3 minutt før
slutt når Daniel sler ein flott corner som Ove kan sette i mål
til 6-1. Viggo vinn dermed siste seriekamp for sesongen og gjer
jobben med tanke på opprykk. Samtidig får vi beskjed om at
Galgen sler Mathopen på Krohnsminde og dermed tar Viggo 1.plass
i avdeling og sikrar opprykket til 5.divisjon.
|