Kamp referat:
Endeleg klart for
seriestart og flotte forhold på Viggo stadion med 5-6 pluss
grader, overskya og lite vind. I Tor-Eivind sitt fravær var det
Anders som leda lag. Vi går ut i vår vanlege formasjon og etter
nokon hektiske startminutt frå begge lag tar Viggo styring i
kampen. Vi spelar ball og har mykje fine kombinasjonar. Ballen
går bra mellom spelarane og vi er flinke til å kome oss rundt på
kantane. Vi skapar ein farlege sjansar og; Ove har eit par
farlege headingar, Stian har ein kanon i stolpen frå 30 meter,
Daniel har eit farlege skot mot lengste kryss. Men vi klarar
ikkje å få ballen i nettet. Galgen er ikkje ufarleg, og spesielt
på corner og kast skapar dei nokon halvfarlege situasjonar.
Vi er likevel skuffa når
vi går til pause utan å ha leiinga, men vi er bestemte på å
forsette den gode innsatsen. Vi har likevel ikkje spelt mange
minutta i andre omgang når Galgen slår ein lang ball opp i
feltet og ein galgen spelar får stanga inn 0-1 leiing til
bortelaget. Viggo hevar seg kjapt etter baklengsmålet og Daniel
spelar fint igjennom Marcin som blir lagt ned av keeperen til
Galgen som bakerste mann. Dermed blir det straffe og rødt kort.
Ørjan er sikker på straffa og utliknar til 1-1. Viggo held oppe
presset og få minutt etterpå kan Marcin stange inn 2-1 leiing
til Viggo. Etter ledarmålet køyrer vi heilt over Galgen i ein
lang periode. Vi skapar mykje store sjansar og burde leda meir.
Siste ti minutta hevar Galgen seg kraftig og sler mykje langt.
Dei skapar eit press mot Viggo og vi må jobbe hardt for å holde
på leiinga mot slutten. Men vi held unna og tar årets første
tre-poengar.
God innsats av samtlige
som bidrar i dag, og ein fortent seier over eit sterkt Galgen
lag.
|