Kamp referat:
NHH 3 har avspark og før det har gått 1 minutt blir det slått
ein lang ball opp frå NHH3. Vi har bra kontroll på dette, men
ein aggresiv NHH3 spiss gir ikkje opp å kjempar ballen i mål til
0-1. Etter den tidlege scoringa har Viggo god kontroll på kampen
og vi styrer mykje av spelet den første halvtimen. Vi skapar ein
del halvsjansar og eit par store sjansar, men klarar ikkje å få
ballen i mål. Istaden kjem det nok ein langpasning frå NHH3, og
spissen deira vippar med seg ballen på hælen forbi forsvaret til
Viggo og rundar keeper og setter inn 0-2. 5 minutt før pause får
NHH3 ein corner som blir slått bak bakerst stolpe og heada inn
framfor mål igjen. Etter litt rot setter NHH3 ballen i mål og
stillinga er 0-3. Noko flatterande held denne stillinga held seg
til pause, og det det virkar langt tilbake for Viggo.
I pausen tar Tor-Eivind nokon grep og andre omgang startar med
ein Viggo offensiv mot NHH3 målet. Vi skapar fleire sjansar og
pressar NHH3 langt bak på bana. Dei svarar med å bruke lang tid
i alle dødballsituasjonar og trekker ned tempoet i kampen. Viggo
får uttelling eit kvarter ut i kampen, eit oppspel blir stussa
til Daniel T, som trekker innover og spelar til Eirik som
klinkar til frå 16 meter og setter ballen heilt nede i hjørnet
til 1-3.
2-3 kjem etter eit lang innkast frå Sjur som landar i beina til
Eirik som spelar vidare til Marcin som lurer ballen forbi
keeper. Viggo held oppe trykket og når Marcin blir sparka ned
innanfor 16-meteren blir det etterkvart dømt straffe. Marius tar
fart, men ballen susar like utanfor vinkelen. Viggo gir seg
ikkje på grunn av dette og held oppe trykket. Vi får resultat
når Eirik stangar inn utligninga etter kriging framfor NHH3 sitt
mål.
Viggo fortsetter å skape fleire store sjansar og vi er fleire
gangar nære ved å ta leiinga. Vi får vinnarmålet omtrent 5
minutt før slutt når Marcin drar av eit par mann og spelar
igjennom Ove som kan sende ballen forbi keeper og inn i målet.
Etter målet prøvar NHH3 å slå tilbake, men dei klarar ikkje å
skape nokon store sjansar. Viggo vinn dermed nok ein gang 4-3,
ein sterk andre omgang bergar sigeren.
|