Kamp referat:
Vårsesongens siste oppgjer var mot eit av mange
topplag, Mathopen. Kampen vart 20 minutter forsinka då det ikkje
var satt opp dommar til kampen utan at dette var registrert hos
arrangøren. Heldigvis kom Kjell Gilleshammer på kort varsel og
gjorde ein grei figur.
Hos Viggo mangla 3 spelarar frå forrige kamp,
deriblant to i forsvaret. Det var gått 35 sekunder då Martin
fekk ballen rettvendt på venstresida og parkerte backen før han
låg inn til Marcin som kunne skli inn 1-0 etter 41 sekund.
Perfekt start for Viggo.
Mathopen har en svak vind i ryggen og har det meste
av ballinnehavet etter dette. Me er likevel vel så farlege dei
gongane me får satt fart på ballen. Etter cirka 20 minutt vert
Marcin sparka ned på høgresida. Matta tar turen fra
midtstopparplass for å slå innoverskrudd frispark. Det er god
fart i ballen og etter litt om og men får Eirik pirka inn 2-0.
Resten av omgangen er jamn men med Viggo som det farlegaste
laget.
Andre omgang er spelt 10 minutt då Stian slår ein
crossar mor Eirik som igjen legg ut til Ørjan på spissen av
16-meteren. Han dreg av ein mann før han skyt hardt i næraste
hjørnet. Dermed 3-0 og lavare skuldre hos Viggo og surare tonar
fra Mathopen. 4-0 kjem etter 64 minutt da Martin som heile tida
var ein trussel får med keeper på ein liten tur før han skyt via
eit Mathopenbein og i mål. 5-0 fem minutt seinare då Roger får
lagt flatt inn foran mål og Eirik får ein grei jobb med å putta
ballen i mål. 6-0 er vel dagens prestasjon då Eirik kjem på et
langt løp. Frå cirka 24 meter chippar han ballen nydeleg over
ein utrusande burvoktar hos bortelaget. Ein særs glad Eirik kan
ta imot hyllesten frå lagkameratar som tremålsskårar.
Me vinn faktisk 6-0 på ein dag då ikkje alt stemmer
like godt. Me jobbar og slit og folk er disiplinerte i forhold
til oppgavar på bana. Ein heilt grei måte å avslutta vårsesongen
på. Det vert ein spanande haust der det er fleire lag som
kjempar om opprykk. Glenn får sin debut i Viggodrakta idag og
kom godt i frå det.
|