Kamp referat:
Toppkamp på Kongsmyren når tabelltopp Mathopen tok imot Viggo på
andreplass. Før kampen har vi fokus på at dette kjem til å bli
ein krig med mange duellar. Kampen startar og slik, og i
vindkaste er det duell om alle ballar. I starten er det ingen av
laga som får noko klart overtak, men Viggo tek etter kvart over
og skapar etter kvart fleire store sjansar. Vi utnyttar
dødballane vi får høgt oppe i bana og har ballar som smell i
stengene og som stryk like utanfor. Mathopen har og sine
sjansar, men Viggo er det førande laget i første omgang. Det er
ingen av laga som klarar å putte ballen i mål før pause og
stillinga til pause er 0-0.
Andre omgang startar jamt, og begge kjempar
utan å skape dei store sjansane. Etter 58
minutter tar Daniel T med seg ballen inn
frå venstrekanten og spelar Martin fint gjennom ned langs
venstreside av 16 meteren. Martin avsluttar og keeper må gje
retur, der er Roger kjappast framme og setter inn 0-1 leiing til
Viggo.
Mathopen hevar seg etter målet og pressar Viggo bakover på bana.
Etter 64 minutt blir eit innkast stussa inn i feltet, der ein
Mathopen spelar får avslutta i mål til 1-1. Mathopen held oppe
trykket etter utlikninga og skapar fleire halvsjansar til å ta
leiinga.
Etter 77 minutt kjem Mathopen seg ned til venstre for Viggo
målet og får til eit innlegg som blir styrt inn i mål på
bakerst stolpe til 2-1.
Viggo viser igjen moral og vi hevar
oss igjen mot slutten. Vi har fleire
halvsjansar
dei siste minutta, men får uttelling i det
90.minutt. Ørjan tar eit langt
innkast som blir stussa vidare til
Stian, som på mystisk vis får med seg at Eirik står aleine
framfor mål og sender ei utsøkt heading mot Eirik. Eirik
gjer som han har gjort i heile sesongen og
setter inn utlikninga til 2-2. Etter målet er det Viggo som er
nærmast å ta med seg seieren, men når den gode
dommaren bles av er stillinga 2-2.
Ein jamn kamp endar dermed uavgjort, noko begge lag virka bra
fornøgde med.
|