Kamp referat:
Ein varm sommardag på det nye dekket på Viggo stadion var ramma
for heimekampen mot Hasunds Hund. Før kampen låg Viggo på toppen
av tabellen og Hasunds Hund låg heilt på botnen med null poeng.
Når kampen starta var det ikkje muleg å sjå at det skulle vere
så stor forskjell på laga. Hasunds Hund startar friskt og
pressar Viggo i åpningsminutta. Det virka som underlaget var
uvant for Viggo og vi sleit med å få pasningane til å gå slik vi
brukar. Hasunds Hund får etter 10 minutt frispark frå om lag 25
meter. Ballen blir skrudd inn i feltet og ei laus heading snik
seg inn heilt oppe i hjørnet. Viggo sler raskt tilbake og Daniel
T. er frampå kun 2 minutt seinare og setter inn utligninga.
Kampen står
å vippar gjennom heile første omgang, men ingen av laga skapar
dei store sjansane. Etter 21 minutt kjem Hasunds Hund på eit
flott løp, og ballen blir spelt til kanten som skjer innover og
dunkar ballen i lengste hjørne til 1-2. Viggo utlignar igjen 10
minutt før pause. Stian sler ein nydeleg langpasning til Anders
som fint tar ned ballen og dunkar den i mål til 2-2. Dette er og
stillinga til pause.
Viggo
startar betre i andre omgang og vi pressar Hasunds Hund lenger
bak på bana i denne omgangen. Hasunds Hund er likevel farlege
når dei klarer å bryte og få satt fart på angrepa sine. Det er
Hasunds Hund som scorar først i denne omgangen og. Etter 59
minutt følgje ikkje Viggo med når Hasunds Hund tar eit kjapt
frispark. Hasunds Hund spelaren får gå innover i bana og skyt
via Ove til 2-3
leiing for Hasunds Hund igjen.
Viggo
satsar offensivt etter dette og vi får resultat når det nærmar
seg 80 minutt. Først sler Ørjan eit langt frispark opp i feltet
som Ove dempar ned til Eirik som dunkar inn utlikninga. 2 minutt
etter kombinerast det fint på venstrekanten og Martin får
sjansen til å sette inn 4-3 målet.
Dei siste
10 minutta blir hektiske når Hasunds Hund jagar utlikning. Viggo
har eit par farlege overgangar, men vi blir pressa veldig lave
dei siste minutta. Men vi helde unna og sikrar oss 3 veldig
viktige poeng.
|