Kamp referat:
Årets første treningskamp
var mot Skjergard under flotte forhold på Nymark. Kaptein Morten
valgte side før Anders M tok sitt første spark på ballen for
Viggo med å sette ballen i mål til 1-0 på handikapstraffa.
Kampen starta så med eit aggressivt Viggolag som tar føringa i
kampen. Vi lar ballen gå fint mellom spelarane og vi gjer ting
enkelt. Vi skapar fleire store sjansar og har blant anna ein
susar i tverrliggaren. Vi får etterkvart uttelling etter flott
spel framfor Skjergard sitt mål og Roger dunkar ballen sikkert i
nettet bak Skjergard sin keeper. Roger putta og sitt andre for
sesongen omlag 10 minutt før pause når han heada inn eit flott
innlegg frå Eirik ved lengste stolpe. Vi holde trykket oppe
heile omgangen, og har kontroll på det meste. Skjergard får ein
corner heilt på slutten av første omgang og får etter den inn
reduseringa til 3-1.
Starten på 2.omgang er ikkje bra for Viggo. Vi er ikkje heilt på
og etter nok ein corner får Skjergard sette inn sitt andre før
det er spelt 5 minutter. Viggo blir pressa bakover i 2.omgang og
vi får ikkje spelet til å flyte like bra som før pause. Vi
klarar likevel å få neste mål i kampen når Olav sler ei nydeleg
pasning til Martin B som lobbar over keeper til 4-2. Skjergard
gir seg ikkje og dei klarer både å redusere og utligne før dei 2
minutt før slutt setter inn seiersmålet. Vi skapar nok sjansar i
andre omgang til å avgjere kampen, men Skjergard har og fleire
store sjansar dei kan score på.
Dermed blir det tap i første treningskamp for sesongen, men ein
veldig positiv første omgang der vi styrer alt på bana. Andre
omgang viser at vi har fleire ting å jobbe med fram mot
sesongstart.
|