Kamp referat:
Endeleg heimekamp på Viggo stadion igjen og tidleg på ein
laurdagsmorgon var Nore Neset motstandar. Viggo startar kampen
bra og vi tar initiativet med flotte kombinasjonar og høgt
press. Vi kjem oss stadig rundt på kantane og vi kjem til fleire
halvsjansar i starten av kampen. Etter fleire sjansar får vi
uttelling når Daniel T. sler eit innlegg frå venstrekanten.
Eirik går i duellen og ballen susar i mål til ein fortent 1-0
leiing til Viggo. Utover omgangen kjem Nore Neset meir med i
spelet og etter ein halvtime får dei ei veldig billig straffe.
Straffa går i mål og stillinga er 1-1. Viggo kjempar vidare og
på ein corner får Daniel N. stå heilt aleine midt framfor mål og
heade inn 2-1 leiing til Viggo som og er stillinga til pause.
2.omgang startar dårleg for Viggo, og Nore Neset utliknar kjapt
etter pause, før dei tar leiinga 2-3. Viggo slit med å få spelet
til å flyte og det blir veldig oppstykk. I tillegg er Nore Neset
flinke til å presse høgt og vinner ballen høgt oppe i bana ved
fleire høve. Mot slutten av kampen hevar Viggo seg igjen, og
siste 15 minutta pressar vi på for å få utlikinga. Heilt mot
slutten får Marcin ein kjempesjanse, men keeper slår ballen i
stanga. På overtid kjem Sjur seg gjennom og dunkar inn eit
fortent utlikning til 3-3.
Viktig med eit poeng mot slutten av kampen på ein dårleg Viggo
dag.
|