Kamp referat:
Årets siste kamp i flomlys og flotte
forhold på Viggo stadion.
Motstandar var Nordre Fjell 2, eit lag vi slo 3-1 i bortekampen
i juni. Ei spennande startoppstilling frå trenar duoen
Lygren/Olsen, og i starten slite Viggo litt med å få spelet til
å flyte. Etter kvart tar vi over mesteparten av spelet og vi
kjem til fleire store sjansar, men maktar ikkje å få ballen i
mål. Nordre Fjell er ikkje ufarlige og dei skapar nokon
halvsjansar før dei etter 20 minutt klarar å komme seg gjennom
Viggo forsvaret og setter inn leiinga 0-1. Viggo sler kjapt
tilbake og ein langpasning frå Ørjan i bakrommet sender Martin
aleine med keeper som setter inn 1-1. Få minutt seinare kjem
Martin igjen aleine med keeper, men avslutninga smell i
tverrliggaren. Viggo forsett å skape sjansar, og etter ein
corner kjem Viggo til fleire skot på mål og Eirik klarar til
slutt å sette ballen i nettet til 2-1.
I pausen kjem alle innbyttarane inn,
men tar ikkje lenge før alle kjem inn i posisjonane og Viggo
forsette å styre kampen. Vi har god kontroll gjennom heile
omgangen og Nordre Fjell har berre eit par halvsjansar. Viggo
skapar mykje og vi får og 3 mål i andre omgang. Daniel T. setter
inn 3-1 etter eit flott soloraid, Ørjan legg på til 4-1 etter
flott spel på høgresida. Marius setter inn 5-1 etter nok eit
flott angrep med eit kontrollert skot nede i hjørnet. Ein solid
avslutning på sesongen for Viggo.
|