Kamp referat:
Siste kampen i vårsesongen skulle ha avspark klokka 13:00 på
Ågotnes, men ein forsinka dommar gjorde at kampen vart utsatt
eit kvarters tida. Når kampen kom i gang var det eit heiltent
Viggo lag som ta initiativet frå starten av i kampen. Vi trillar
ballen og skapar sjansar heilt i frå starten. Etter om lag fem
minutt får vi utteljing når Marius setter inn ballen på bakerste
stolpe etter flott forarbeid av Martin B. Viggo held oppe
fokuset og styrer det meste som skjer på bana. Ørjan fyrer av
eit kjempeskot etter 15 minutt som aukar leiinga til 2-0. Keeper
har nok ikkje heilt med seg marginane på dette skotet sjølv om
Ørjan fekk kjempetreff. Vi helde opp trykket utover i omgangen
og første halvdel av omgangen er det Viggo som styrer alt og vi
skapar massevis av sjansar. Nordre Fjell kjem litt inn i omgang
frå 25 minutt og i ein 10 minutts periode tar dei over
initiativet. Viggo blir litt passive og vi vinn ikkje nok
duellar. Mot slutten av omgangen tar Viggo igjen over styringa i
kampen og det er fortent når Martin B setter inn 3-0 som og er
pauseresultatet.
2.omgang startar som første med overtak til Viggo, men Nordre
Fjell tar etter kvart over initiativet og for store delar av
omgangen er det dei som er det beste laget. Viggo blir passive
og vi tapar duellar som vi vant i første omgang. Viggo er
likevel farlege på kontringar og vi skapar også i 2.omgang
fleire store sjansar der vi kan auke leiinga. Nordre Fjell kjem
ikkje til så mange store sjansar og er først og fremst farlige
på dødballar. På ein corner får dei og utteljing når Stian går i
duell på bakerste stolpe, men er uheldig og blir pressa til å
heade den i eige nett.
Viggo rir av den siste sluttspurten av Nordre Fjell og vi vinner
3-1. Ein viktig siger for Viggo, etter ein strålande 1.omgang
men heller svak 2.omgang.
|