Kamp referat:
Fleire fråvær før kampen mot Morvik, men dei 14 som stilte var
veldig motiverte for at Viggo skulle slå kjapt tilbake etter
tapet mot Minde på torsdag. Kampen starta med at begge laga
ligge og føle litt på kvarandre. Viggo kjempar etter kvart best
og tar over initiativet i kampen. Vi vinner flest duellar over
heile bana og Morvik får ikkje til noko spel. Vi er flinke til å
spele ballen rundt på kantane og vi kjem til mange fine innlegg.
Utteljing får vi først når Daniel tar med seg ballen frå langt
inne på eigen banehalvdel og driblar alt av Morvik spelarar på
kanten før han spelar igjennom Roger som chippar over keeper til
leiing 0-1 til Viggo. Viggo held oppe trykket etter målet og det
er fullt fortent når Andreas i sin første kamp for sesongen
setter inn 0-2 etter eit flott innlegg frå høgrekanten. Mot
slutten av omgangen har vi full kontroll på det som skjer og vi
har fleire muligheiter til å auke leiinga.
Etter pause får vi vinden i ansiktet og medvinden gjer at Morvik
får flytta litt høgare i bana. Viggo kjempar vidare og vi
hindrar dei i å kome til nokon store sjansar, samtidig som vi er
flinke til å ta overgangane når desse er der. Etter om lag ein
time spelt er Sjur høgt oppe i bana og mottar ein flott pasning
frå Daniel. Sjur fintar eit par mann på ræv før han dunkar
ballen i lengste hjørnet til 0-3 leiing for Viggo. Etter dette
styrer Viggo kampen og eit kvarter før slutt drar Daniel ut på
eit nytt raid. Driblar vekk ein tre-fire Morvik spelar før han
plassere ballen sikkert bak keeper. Ei flott avslutning av
Daniel som spelte ein strålande kamp på kanten i dag.
Viggo har god kontroll resten av kampen som ebbar ut med 0-4
seier for Viggo. Ein kjempeinnsats av heile laget og ein
skikkeleg opptur etter den dårlege kampen mot Minde på torsdag.
|