Kamp referat:
Toppoppgjer mot Lysekloster på ein varm Juni kveld på Nymark. Vi
startar kampen forferdelig og Lysekloster får ballen bak Morten
nesten med en gang. Det tar heller ikkje mange minutta før den
andre ballen ligger der. Ein forferdelig starta av Viggo og det
er lite som stemmer dei første minutta. Vi hevar oss utover
omgangen og i løpet
av omgangen skapar vi nok sjansar til å både redusere og
utlikne. Lysekloster skapar lite mot slutten av omgangen og det
følast ufortent å gå til pause og ligge under 0-2.
Vi startar 2.omgang slik vi startar første omgang og køyrer over
Lysekloster. Etter fleire store sjansar får vi endeleg utteljing
når Martin setter ballen sikkert i mål etter flott forspel av
Ørjan. Få minutt seinare er det Daniel sin tur til å utlikne
etter eit flott raid på venstrekanten.
Lysekloster kjem etter dette til ein av få sjansar i starten av
2.omgang og eit kanonskot susar inn i hjørnet til 2-3 leiing til
Lysekloster. Viggo forsett å køyre kampen og det er fullt
fortent når Marius Nesse utliknar på eit kjempeskot frå 30
meter.
Siste 10 minutta er det mange sletne spelarar på Nymark og
kampen bølgar begge vegar. Begge lag har store sjansar til å
score sigersmålet, men kampen ebbar ut med 3-3.
|