Kamp referat:
Toppoppgjer på Lysekloster og flotte forhold møtte 2 lag som
begge ønskte å vinne denne utruleg viktige kampen.
Viggo får ein kanonstart på kampen når Marcin blir spelt aleine
med keeper og han setter ballen heilt nede med stolpen til 0-1
leiing for Viggo. Viggo har og eit par store sjansar rett etter
scoringa, men Lysekloster kjem kjapt tilbake og tar over
initiativet i kampen ut over første omgang. Dei trillar ballen
kjapt og har mykje fine kombinasjonar, og etter 20 minutt kjem
utligninga til 1-1. Viggo kjempar vidare og etter 25 minutt
dunkar Daniel til frå 30 meter og skotet susar over keeper og
inn i nettet til 1-2.
Kampen er tett og 10 minutt før pause utliknar Lysekloster
igjen. Kampen står å vippar og begge lag har sjanse til å score
meir, men stillinga held seg til pause.
Andre omgang startar slik første slutta med to lag som begge
prøvar å score fleire mål. Lysekloster viser seg mest effektive
og to langskot midtvegs i omgangen gir dei leiinga 4-2. Viggo
kjempar seg inn i kampen igjen og Marcin reduserer til 4-3 før
Eirik kjempar inn 4-4. Lysekloster er bestemt på at dei vil
rykke opp og sender masse folk i angrep. Viggo forsvarar seg bra
og har fleire sjansar til å sette inn 4-5 målet, men i staden er
det Lysekloster som får utteljing etter 89 minutt. Ei høgt
innlegg på bakerste blir stanga i nettet. På overtid får
Lysekloster enda 1 mål når Viggo har flytta opp laget. Kampen
endar dermed 6-4 og håpet om opprykk forsvant nok ein gong for
Viggo. Ein kjempeinnsats av alle som var med for Viggo, når vi
møter det klart beste laget vi har møtt heile sesongen.
Lysekloster sitt referat
|