Kamp referat:
Tørt og overskya på Viggo stadion og eit Viggo
lag som bestemte seg frå start for å styre kampen. Viggo går
høgt ut og pressar Libido bakover på bana. Medvinden i første
omgangen gjer det vanskeleg å spele i bakrommet så fleire av
ballane forsvinn bak dødlinja i starten.
Etter om lag 10 minutt får Viggo frispark
rett over midten. Sjur sender kanon mot første stolpe. Ballen
har ein flott bue og susar rett i nettet til 1-0 leiing. Viggo
pressar på vidare og Martin er frampå få minutt seinare å legg
på til 2-0. Etter dette er det Viggo som pressar, mens Libido er
farlege på dødballar og nokon kjappe overgangar. Viggo har bra
kontroll bakover, men etter 25 minutt er Petter uheldig når
ballen sprett opp i handa og dommaren bles straffe til Libido.
Morten er etter den men ballen susar inn nede i hjørnet til 2-1.
Viggo fortsetter og Martin puttar sitt andre for dagen etter 34
minutt. 4-1 kjem etter av Ove kombinerar med Daniel på venstre
sida og setter fart mot mål og kan sette ballen i nærmast
hjørne.
Etter pause yppar Libido seg litt i starten
når dei får vinden i ryggen. Men Viggo ryddar opp og tar etter
kvart over styringa igjen. Martin setter sitt tredje for dagen
etter 65 minutter, før Kristian scorar til 6-1 etter 72 min.
Roger scorar så 7-1 etter 77 minutt før Kristian avsluttar eit
nydeleg angrep til 8-1 rett før slutt. Viggo hadde mange sjansar
i løpet av andre omgangen til å score enda fleire, men Libido
kom seg og til nokon sjansar og eit skot i tverrliggaren og ei
redning på streken hindra dei i redusere meir.
God innsats av eit tent Viggo lag, sjølv om
det blir litt uryddig mot slutten.
|