Kamp referat:
Bortekamp mot Libido, der Ørjan og Marius N var fråverande frå
siste kamp. Inn kom Olav og Marcin og det var eit sterkt Viggo
lag som stilte til kamp. Kampen startar jamt og det er ingen av
laga som klarar å få noko overtak på spelet. Viggo skapar ein
del sjansar og nærmast kjem Eirik med ei flott heading i
tverrliggaren. Libido skapar heller lite sjansar i førsteomgang,
men kjem seg rundt på si høgreside før pause og sler eit innlegg
som går inn i mål via stanga og Morten. Dermed ligger Viggo
under for første gang i sesongen og stillinga står seg til
pause.
Etter ein flott peptalk i pausen er det ein motivert Viggo gjeng
som går på bana for andre omgang og det tar ikkje mange minutta
før vi får tellande resultat. Eit flott angrep endar opp med at
Daniel T scorar sitt første offisielle mål for Viggo. Viggo held
opp trøkket i minutta som følger og Eirik puttar sitt 2.mål for
sesongen og 34. totalt i Viggo karriera omtrent når timen
passerast. Dermed 1-2 leiing for Viggo.
Viggo styrer det meste i andre omgang og vi har god kontroll på
alt som skjer på bana. 1-3 kjem etter eit skot (eller var det
innlegg) frå Marcin nede på høgrekanten. Uansett eit flott mål
av Marcin på same bana han debuterte på i mai 2006. Viggo har
bra kontroll på slutten av kampen og vi har fleire muligheiter
til å auke leiinga enda meir, men kampen endar 1-3.
Den tredje strake seier for sesongen, trass i ein under middels
første omgang hevar vi oss kraftig i andre omgang og vinner til
slutt fullt fortent.
|