Kamp referat:
Treningskamp mot det
hardtsatsane 5.divisjonslaget Hetlevik. Vi går lavt ut i kampen
og fokuserer på å holde laget samla og vere kompakte bakover.
Hetlevik startar offensivt og presser Viggo bak på bana dei
første minutta. Men vi kjempar godt og hindrar dei i å kome til
nokon store sjansar. Etter kvart tar vi over meir av spelet og
utover omgangen styrer vi det meste som skjer i kampen. Etter 20
minutter set Morten i gang Daniel på venstre og han drillar seg
til linja og spelar tilbake til Eirik, som frå omlag 10 meter og
han dunkar ballen i mål til 1-0 leiing for Viggo. 10 minutt
seinare kjem Anders E. på eit kjemperaid på venstresida og kjem
seg heilt til linja før han spelar ballen til Martin B. som
setter inn 2-0 til Viggo. 5 minutt seinare kjem Sjur seg ned på
høgrekanten. Han drillar backen til Hetlevik ned i strandsona
før han sler eit presist innlegg til Stian som stangar inn 3-0
leiing til Viggo som held seg til pause.
I 2.omgang hevar seg til
Hetlevik seg, men Viggo kjempar vidare og held seg godt inne i
kampen. Det blir ein jamnare omgang men Viggo har dei største
sjansane og berre uflaks gjer at vi ikkje scorar fleire mål i
andre omgang og. Einaste målet i 2.omgang kjem etter omlag 70
minutt og det er Hetlevik som får det.
Kampen endar dermed 1-3,
og Viggo kan seie seg godt fornøgde med siste treningskampen før
seriestart.
|