Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Sk Viggo - Ny Krohnborg 2   6-1  (3-0)

 

Søndag 22.august  2010 18:00, Viggo Stadion

Dommer: Geir Ole Skogvang

Lagoppstilling:
Morten;
Kent-Ove; Ove; Thomas; Anders;
Marcin; Kurt; Olav; Eirik;
Ørjan; Martin B
 

Innbyttere:
Kristian;
Victor;
Roger
Trond
;

Mål:
1-0 - 20 min - Ørjan
2-0 - 30 min - Ørjan
3-0 - 40 min - Marcin
4-0 - 60 min - Martin B
4-1 - 75 min
5-1 - 83 min - Kristian
6-1 - 87 min - Sjølvmål

Kampfakta:
Ein regnfull August kveld tok Viggo imot Ny Krohnborg sitt andrelag til kamp på Nymark. Tapet mot Hordabø skal revansjerast og det er ein motivert Viggo gjeng som startar kampen.
Kampen er ganske jamspelt første 20 minutta med lite overtak til Viggo utan at nokon av laga klarar å skape dei store sjansane. Etter omlag 20 minutt blir Martin B spelt fint igjennom og får med seg ballen forbi før han blir klipt ned av stopparen til N-K2. Dommaren peikar korrekt på straffemerke og Ørjan setter ballen sikkert inn til 1-0.
Etter dette tar Viggo over meir av kampen og styrer store delar av spelet. På ein corner etter omlag halvtimen er Thomas knallhard i duellen og Ørjan er klar etter returen frå keeper og puttar sitt andre for dagen. Vi forsett å styre kampen vidare og eit flott angrep etter omlag 40 minutt blir avslutta med at Eirik sler inn frå høgre på første touch og Marcin dunkar ballen på volley ned i hjørnet slik at stillinga til pause er 3-0.

Andre omgang startar slik første var avslutta med overtak til Viggo og Martin B blir fint spelt igjennom eit kvarter ut i omgangen og setter ballen sikkert forbi keeper og aukar leiinga til 4-0. Viggo forsett å skape sjansar vidare utover i kampen, og har fleire muligheiter til å auke leiinga. Men på ein corner for Viggo kontrar N-K2 inn eit reduseringsmål. Viggo fortsett å køyre kampen etter dette og det er fullt fortent når Kristian setter inn 5-1 før eit sjølvmål gir 6-1 heilt på slutten. Ein flott seier for Viggo etter den svake kampen mot Hordabø sist.

 

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com