Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Ny Krohnborg 2 - Sk Viggo  0-2  (0-0)

 


Søndag 25.april  2010 16:00, Krohnsminde Stadion

Dommar: Christian Magnus Berg, Smørås

Resultat:  2-0                                                                

Lagoppstilling:
Roger Nordal;
Thomas Rikstad; Ove J. Rauset; Martin Paulsen; Anders Eide;
Kent-Ove Øybost; Olav Eikenes; Kurt Rauset; Eirik Klyve Dalland;
Marcin Sikorski; Martin Brandtun

Innbytte:
Victor Cid

Mål:
Eirik Klyve Dalland, 52 min
Martin Brandtun, 58 min

Kampfakta:
Ein flott dag for fotball på Krohnsminde med overskya ver og ein svak sørlig vind. Før kampen var det klart at Ørjan og Trond var ute av laget frå dei som starta sist, og Roger gjekk inn som keeper og Martin Paulsen var tilbake som midtstoppar.

Vi startar kampen bra og vi pressar Ny Krohnborg langt bakover på bana. Vi er flinke til å la ballen gjere jobben og lar motstanderen spring mykje i mellom. Bakover har vi god kontroll og Roger har kun eit par enkle ballar som han må stoppast. Framover skapar vi ein del sjansar og nærmast kjem Martin B, med ein kanon som smell i stange. Flest sjansar skapar vi med å kome oss rundt på kantane, men vi er til tider litt for upresise med innlegga. Mot slutten av omgang kjem Ny Krohnborg litt meir inn i kampen men vi har likevel bra kontroll på det som skjer.

Før 2.omgang byttar vi inn Victor på høgrekanten for Kent-Ove og det skal vise seg å vere ein genistrek av Pål som styrer på linja på Krohnsminde. Victor kjem raskt inn i kampen og viser seg som ein stor trussel for Ny Krohnborg. Etter 52 minutter kjem han seg rundt på kanten igjen og sler eit supert innlegg til Eirik som finn det enklast å bruke kneet til å styre inn 1-0 til Viggo. Eit supert mål etter supert forarbeid av Victor. Eirik legger seg  få minutt seinare ned med smerte i kneet så ting tyder på at innlegget var knallhardt.
Viggo forsetter presset og rett før timen er passert blir Martin B spelt flott igjennom aleine med keeper og han rundar elegant keeper og setter ballen sikkert i mål til 2-0 til Viggo. Etter dette forsette vi å køyre kampen og skapar mange sjansar til å auke ledelsen. Vi klarar derimot ikkje å utnytte presset til å få fleire mål og mot slutten av omgangen kjem Ny Krohnborg meir inn i kampen og får til eit par avsluttningar på Roger. Men vi holder nullen for andre kamp i år og tar ein fortent seier på Krohnsminde.

 

 

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com