Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Nordre Holsnøy - Sk Viggo  3-3 (1-3)

 


Søndag 06.juni 2010 18:00, Leirdalen Idrettsanlegg

Dommer: Thomas Stigen

Lagoppstilling:
Trond;
Tim; Ove; Marius E; Anders;
Marcin; Kurt; Olav; Eirik;
Ørjan; Martin B
 

Innbyttere:
Roger;
Kent-Ove;

Mål:
0-1 - 7 min - Martin B
0-2 - 15 min - Anders
0-3 - 25 min - Eirik
1-3 - 35 min
2
-3 - 70 min
3-3 - 92 min

Kampfakta:
Ikkje den optimale oppladninga til kampen for Viggo då nokon hadde gløymt sko og andre ikkje rakk kampen, men når kampen kom igang var det ingenting som stoppa oss. Viggo køyrer fullstendig over Nordre Holsnøy dei første 25-30 minutta. Dette gir oss ein komfortabel 3-0 ledelse tidleg i kampen etter mål av Eirik, Anders og Martin B, og med betre uttelling på sjansane kunne vi fort ha leda med det dobbelte. Etter den forrykande starten dett vi litt nedpå mot slutten av første omgang og vi slepper Nordre Holsnøy meir inn i kampen. Dei klarer likevel ikkje å skape meir enn ein sjanse mot Viggo, men denne omset dei då i mål slik at stillinga til pause er 1-3.
Før andre omgang er vi bestemte på at vi skal heve oss igjen og avgjere kampen med eit tidleg mål. Vi startar klart best i denne omgangen og, men vi klarer ikkje å utnytte dei mange store sjansane vi har og midtveis i omgangen er stillinga fortsatt 1-3. Nordre Holsnøy har lite å bidra med, men etter omlag 70 minutt får dei til ei langpasning opp på eine kanten. Eit skot frå omkring 20 meter snik seg inn ved nærmast stolpe til redusering 2-3. Etter dette stoppar Viggo heilt å spele fotball og vi klarer ikkje å treffe verken på pasningar eller mottak. Dermed blir dei siste 20 minutta ein rein forsvarskamp, og i Viggo står imot til det er passert 90 minutter. Då sler Nordre Holsnøy i bakrommet på ein spelar som antageligvis står i offside, som sler på bakre stolpe og der kjem utligninga til 3-3.

Etter spel og sjanser første halvtimen er det ganske utruleg at Viggo ikkje vinner denne kampen. Vi har full kontroll på alt, men vi rotar det til for oss sjølve mot slutten slik at vi får sesongens første uavgjorte kamp.  

 

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com