Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Sk Viggo - Lyngbø 2   2-1 (0-0)

 

Søndag 5.september 2010 18:00, Krohnsminde

Dommer: Runar Hageland

Lagoppstilling:
Morten;
Thomas; Ove; Martin P; Anders;
Marcin; Kurt; Kristian; Eirik;
Ørjan; Martin B
 

Innbyttere:
Olav;
Roger;

Mål:
1-0 - 55 min - Martin B
2-0 - 75 min - Kristian
2-1 - 80 min - Lyngbø 2

Kampfakta:
Heimekampen mot Lyngbø 2 var flytta til Krohnsminde på grunn av full aktivitet på Nymark anlegget. Vi var fast bestemte før kampen at vi skulle gå ut å vise at vi var det beste laget.
Kampen starta ganske jamt og ingen av laga klarer å skape nokon store sjansar dei første 20 minutta. Thomas må gje seg midt i første omgang etter ei veldig sein takling av ein Lyngbø spelar. Vi håpar det ikkje er ein langvarig skade og at Thomas er med igjen neste helg. Olav kjem inn på høgrebacken og gjer ein feilfri kamp og er i tillegg med på å skape mykje framover med flotte langpasningar.
Midtveis i omgangen tar Viggo over kontrollen på kampen og vi pressar Lyngbø langt bak på bana. Vi skapar fleire store sjansar og berre uflaks gjer at vi ikkje klarar å putte ballen bak keeperen til Lyngbø. Spesielt Anders er flink til å kome seg rundt på venstrekanten og slå farlige innlegg. Men vi klarar ikkje å omsette presset i mål og stillinga er 0-0 til pause.  

2.omgang startar som første sluttar med overtak til Viggo. Vi lar ballen gå mellom spelarane og skapar fleire store sjansar i starten av omgangen. Uttellinga kjem først når Anders sler eit strålande innlegg frå venstre som Martin B dempar elegant og dunkar ballen sikkert bak Lyngbø sin keeper. 

Viggo held oppe presset og eit kvarter før slutt drar Martin B av fleire Lyngbø spelarar før han elegant spelar igjennom Kristian som sikkert setter ballen bak keeperen til Lyngbø. Dermed 2-0 ledelse til Viggo. Etter dette skal kampen vere avgjort, men 10 minutt før slutt får kjem Lyngbø i overtal mot forsvaret og dei utnyttar sjansen til å sette inn reduseringa. 
Viggo har i løpet av 2.omgang fleire enorme sjansar og Kurt, Anders og Olav har fleire strålande pasningar i bakrommet som med litt meir uttelling kunne gitt nok ein storseier.
No blir det likevel spennande mot slutten når Lyngbø flyttar opp fleire spissar og pressar Viggo bakover siste 5 minutta. Men Morten har eit par klasseredningar og vi holder tett bakover slik at vi vinn kampen 2-1. Ein veldig viktig seier med tanke på sluttplasseringa på tabellen.

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com