Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Sk Viggo - Hordabø   8-0  (4-0)

 


Søndag 18.april 2010 18:00, Viggo Stadion

Forfatter: Stian Vik Birkestrand

Kampfakta

Resultat:  8-0 (4-0)                                                                  Dommar: Jakob Nordberg Nørgaard

 Lagoppstilling:

Trond Arild Klever; Kent-Ove Øybost, Ove Johnny Rauset, Thomas Rikstad, Anders Eide; Marcin Sikorski, Kurt Rauset, Olav Eikenes, Eirik Klyve Dalland; Ørjan Gjerstad, Martin Brandtun

Innbytte:

58: Roger Nordal – Ørjan Gjerstad
63: Victor Cid – Olav Eikenes
70: Kristian Gjerstad – Ove Johnny Rauset
75: David Bendiksen – Trond Arild Klever
82: Ove Johnny Rauset – Martin Brandtun

Det var ein fin dag for fotball på Viggo Stadion då dei blågule skulle starte årets sesong mot strilane frå Hordabø. Det var kaldt i været og det hadde allereie vore både strålande solskinn og snøstorm. Utenom ein oskefast Martin Paulsen stilte Viggo med toppa lag og ingen overraskelser. Spiss Ørjan Gjerstad som hadde slitt med ei slapp skulder siste vekene friskmeldte seg i siste liten og gjekk rett inn på laget.

Det skulle tidleg vise seg at Hordabø ikkje var noko målestokk for eit sprudlande Viggolag. Allereie etter 1min får Kurt Rauset ein halvsjanse som han set over mål. 5min seinere får Ørjan Gjerstad eit fint gjennomspel på venstekant som han ligg hardt inn langs bakken mellom forsvar og keeper. På bakerste stolpe dukker målsniken Martin Brandtun opp og fører enkelt Viggo opp i 1-0. Viggo har eit solid overtak i byrjinga men  Hordabø speler seg likevel til ein sjanse etter snaue 10min. Passivt forsvarsspel sørger for at Hordabø får skutt frå rundt 14meter og skuddet slår Trond i tverrligger og ut.

Etter dette skal det meste dreie seg om Viggo og Ørjan Gjerstad. Først er det Brandtun som får ein fin sjanse før Anders Eide kjem på eit av sine mange raid langs venstrekanten og legg eit nydeleg innlegg til Marcin Sikorski som dessverre ikkje klarer å sette pannebrasken til. Kort tid etter er det corner frå høgre som Thomas Rikstad rett og slett bommer på ballen. Etter 19min kjem eit presist utspark frå keeper Trond Arild Klever til Ørjan Gjerstad på 25meter. Gjerstad tar fint ned på brystet og sleiver ballen i ein fin boge over Hordabøkeeperen til 2-0.  Kun få minutter etter roter Hordabø-forsvaret. Marcin Sikorski presser høgt og bryt til Martin Brandtun. Han speler fri Sikorski på høgrekanten som legg nok eit hardt innlegg langs bakken til Gjerstad som set ballen sikkert til 3-0.Etter dette fortsett Viggo presset og spesielt høgresia er farleg i denne perioden.

Eit dårleg utspel frå Hordabøkeeperen etter halvtimen spelt gjer at Brandtun får headet ned til Gjerstad som kjapt speler Kurt Rauset aleine med keeper. Diverre er ikkje Rauset like kald aleine med keeper som Lucas var det mot Benfica og ballen triller svakt til side for mål. Like etter kjem likevel 4-0 då Sikorski legg endå eit innlegg langs bakken framfor mål. Der har Eirik Klyve Dalland timet løpet perfekt og hælflikker ballen i mål. Etter dette dett Viggo litt nedpå og Hordabø får eit par småsjanser etter dårleg defensiv innsats frå Viggo. Allikevel blir det aldri skikkeleg farlig når Hordabø er framme. Derimot får Viggo avblåst eit mål for offside feilaktig då Gjerstad triller ballen forbi keeper til ein Brandtun som kjem på løp BAK nevnte Gjerstad. Gjerstad har også ein frekk lobb i stolpen like før pause.

Viggo leier komfortabelt 4-0 til pause og sjølv om trenar Kjell Lygren er forbanna etter at ein slepp seg litt nedpå på slutten av omgangen kan ein ikkje anna enn å vere nøgd med serieopninga så langt. Hordabø kom tidleg bakpå og har hatt overraskende dårleg innsats. Viggo har vore presis i siste halvdel av bana og i tillegg har dei hatt meget gode innlegg som er slått hardt, presist og stort sett lavt inn mellom forsvar og keeper.

Andre halvleik startar som første med eit solid Viggo-overtak og mange sjanser. Ørjan Gjerstad kjem kjapt aleine med keeper men ein fin redning sørger for fortsatt 4-0. Også Thomas Rikstad får nok ein muligheit på corner utan uttelling. Etter 50min kjem Hordabø sin kanskje største moglegheit og den blir skapa av kommunikasjonssvikt mellom Ove Rauset og Trond Arild Klever. Det ender dog berre i ein ufarleg corner. Like etter dette fører nok eit dårleg utspel frå Hordabøkeeperen til at Martin Brandtun kjem aleine med keeper. Han trillar diverre ballen like til side for mål. Etter 55min kjem 5-0. Martin Brandtun fører ballen fram over midten og slår ein nydelig stikker til Marcin Sikorski mellom stoppar og back. Frå skrå vinkel rundar Sikorski keeper elegant før han set ballen i mål. Etter dette kjem Anders Eide til ein god mulighet før han etter 62min regisserer dagens finaste angrep. Eide stormar opp langs venstresia og speler vegg med Ørjan Gjerstad. Legg lavt inn og på bakerste dukkar måltyven Eirik Klyve Dalland opp igjen og breisider ballen i mål. 6-0 og dei trofaste Viggosupportarane på sidelinja byrjar å drømme om tosifra.

64 minutt og Hordabø kjem til ein sjeldan avslutning som Trond Arild Klever må slå til corner. 7-0 kjem like etter. Fin langpasning frå Kurt Rauset til Marcin Sikorski som enkelt runder ein keeper som er rekordtidleg ute på blåbærtur. Han legg inn til Martin Brandtun som set ballen i det tomme buret. Etter 70 minutt er det duka for ein Viggodebutant. Bror til Ørjan Gjerstad, Kristian Gjerstad, som like før sesongstart kom frå Årstad kjem inn på høgrekanten. Etter 74 minutt er det innbyttar Victor Cid som raider ned langs venstresia og legg inn til Martin Brandtun som set ballen like utenfor. Brandtun får på ny sjansen etter 82 minutt då Anders Eide legg innlegg nr. 28 lavt inn mellom forsvar og keeper. Nok ein gang er unge Brandtun på rett plass til rett tid og stillinga er 8-0. Etter dette ebber kampen ut og sia mange spelere og dommar skal på Stadion blir det inga tilleggstid.

Vel gjennomført serieopning av Viggo der dei leve opp til favorittstempelet i avdelinga.Hordabø blei aldri noko målestokk og det er derfor vanskeleg å vite kor bra dette resultatet egentlig er. Uansett var det mykje presist angrepsspel og spesielt innlegga var av høgare kvalitet enn ein er vant til på dette nivået. Samtlige spelere gjer ein bra kamp og også innbyttarane kjem inn og visar innsats og speleglede.

Kampens stjerner:

***         Anders Eide

**           Ørjan Gjerstad

*              Marcin Sikorski

 

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com