Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Sk Viggo - Hasund Hund  6-2  (3-1)

 


Mandag 10.mai 2010 20:20, Viggo Stadion

Dommer: Torgeir Dahle

Lagoppstilling:
Trond;
Kent-Ove; Thomas; Ove; Anders;
Victor; Kurt; Olav; Eirik;
Marcin; Martin B

Innbyttere:
Roger;
Tim;
Bobbie;

Kampfakta:
Heimekamp mot Hasund Hund på vår felles heimebane på ein litt kjølig mandagskveld. Under oppvarming var det hagl og slaps, medan det i 2.omgang var lav kveldsol som var problemet. Så kan vel kallast for typisk Bergensver.
Før kampen var vi bestemte på at vi ikkje skulle undervurdere motstand og vere like seriøse i denne kampen som vi hadde vore i dei 2.første kampane. Vi måtte starte kampen utan Ørjan som måtte gje seg under oppvarminga og Martin P som var i Minsk på jobb. 
Likevel er det Viggo som startar kampen klart best og vi styrer det meste av spelet i starten av kampen. Vi kjem oss fint rundt på sidene og får til fleire farlige innlegg utan at vi klarar å sette ballen i mål. I mot spelets gang er det då Hasund Hund som får innkast i ein farlig situasjon, og ballen blir kasta inn mot første stolpe der Viggo vinn første duellen, men er for seine å reagere på andreballen slik at Hasund sin store spiss før snudd seg og dunka ballen knallhardt i mål.
Vi lar oss likevel ikkje knekke og vi forsetter å holde oppe presset. Omlag halvegs i 1.omgang kjem Martin B igjennom og blir reven ned innanfor 16 meteren og dommaren peikar på straffemerke. Marcin viser seg sikker og setter inn utligninga.
Vi forsetter å holde oppe presset og 5 minutter seinare sler Kurt ei fantastisk pasning til Marcin som runder keeper og setter inn 2-1 målet.
Roger kjem inn etter omlag 35 minutter og brukar berre 5 minutter til å stikke av frå forsvaret til Hasund Hund og sikkert sette inn 3-1 som og blir stillinga til pause.

I 2.omgang forsetter Viggo på same måte og styrer kampen. Vi får ikkje uttelling før vi får etter omlag timen. Opp kjem Anders og skrur ballen elegant over muren og inn i heilt med stanga. Eit flott mål, men det skulle vise seg å ikkje blir dagens flottast. 
Etter 65 minutter har vi ei dårlig avklaring i eige forsvar og det endar med at Hasund Hund sin Nordfjording får sette inn redusering til 4-2.
Etter omlag 70 minutter blir Victor spelt fint fri på høgrekanten og driblar seg framover langs linje før han sler eit utsøkt innlegg. I midten ventar Marcin som får ballen litt bak seg, men Marcin snur seg og brassesparkar ballen inn via stanga. Eit fantastisk flott mål av Marcin!! Ein bismak er det likevel når Victor må ut med skade etter å blitt takle seint etter at han slo innlegget.
Viggo forsett presset og Roger puttar sitt andre for dagen omlag 10 minutter før slutt.

Kampen ebbar dermed ut med 6-2 seier for Viggo. Igjen viser vi styrke når vi kjem tilbake etter å ha komt under 0-1 tidleg i kampen og vinner tilslutt fortent 6-2.

 Mål:
0-1 - 15 min
1-1 - 25 min - Marcin (straffe)
2-1 - 30 min - Marcin
3-1 - 40 min - Roger
4-1 - 60 min - Anders
4-2 - 65 min
5-2 - 70 min - Marcin
6-2 - 80 min - Roger

 

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com