Søndag 30.mai 2010 18:00, Viggo Stadion
Dommer:
Lagoppstilling:
Trond;
Tim; Ove; Thomas; Anders;
Marcin; Kurt; Olav; Eirik;
Ørjan; Martin B
Innbyttere:
Marius E;
Marius N;
Kent-Ove;
David
Mål:
1-0 - 1 min - Ørjan
2-0 - 15 min - Eirik
2-1 - 30 min
3-1 - 41 min - Ørjan
4-1 - 43 min -
Martin B
5-1 - 45 min - Ørjan
6-1 - 60 min - Kurt
6-2 - 70 min
7-2 - 85 min - Eirik
Kampfakta:
Heimekamp på Viggo stadion i eit fantastisk sommar ver. Viggo var fast
bestemte og starte kampen betre enn mot Lyngbø og vi får ein fantastisk
start når Ørjan kan sette inn 1-0 etter kun 37 sekunder. Etter dette har
Fyllingen ein serie med store sjansar men Viggo står imot og vi kjem
etterkvart tilbake og tar tilbake initiativet i kampen. Etter eit
kvarter kjem dagens andre mål. Eirik får ein enkel jobb på bakerst
stolpe og setter sikkert inn 2-0. Kampen står etter dette å vippar litt.
Både Viggo og Fyllingen har store sjansar til å score, men det er
Fyllingen som får neste mål når dei kjem på sin høgrekant og får slått
tilbake til spissen som dunkar ballen i mål. Fyllingen pressar på for
utligninga, men Viggo er farlige på overgangane vi klarar å få til. Dei
siste 5 minutta før pause får vi til to slike overgangar der forsvaret
bryt Fyllingen og setter i gang raske angrep. Når i tillegg Olav sler
pasningar på 50 meter som landar ferdigdempa i 16 meteren puttar Martin
1 og Ørjan to mål slik at stillinga til pause er 5-1 til Viggo. Vi har
dermed god uttelling på sjansane vår i første omgang, og 5-1 er vel noko
i overkant slik kampen var i 1.omgangen.
Andre omgang blir
litt roligare, noko veret må ta litt av skulda for. Viggo har god
kontroll på det som skjer og det er fortent når Kurt spelar seg fint
gjennom forsvaret til Fyllingen via ein vegg og setter sikkert inn 6-1.
Viggo har fleire store sjansar til å auke ledelsen meir, men Fyllingen
klarer å få seg eit trøstemål midt i omgang. Eirik sikra seier mot
slutten når han setter inn sitt andre for dagen og Viggo sitt sjuande.
Ein fortent seier for eit god kjempande Viggo lag. Mot slutten er det
mange sletne bein på begge lag, men alle står på heilt til dommaren bles
av kampen.
|