Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Fyllingen 2 - Sk Viggo

 

Søndag 12.september 2010 18:00, Varden Kunstgras

Dommer: Simen Søvik

Lagoppstilling:
Morten;
Olav; Ove; Martin P; Anders;
Marcin; Kurt; Kristian; Eirik;
Ørjan; Martin B
 

Innbyttere:
Thomas;
Roger;
Kent-Ove;

Mål:
1-0 - 15 min
2-0 - 25 min
3-0 - 35 min
3-1 - 55 min -
Ørjan
4-1 - 70 min

Kampfakta:
Bortekamp mot ledarlaget i avdelinga vår, og vi er bestemte før kamp at vi skal gå ut å vise at vi kan vere på deira nivå. Når kampen kjem i gang etter litt rot med nokon vestar er det klart at vi møter eit godt Fyllingen lag. Etter ein jamspelt start på kampen er det Fyllingen som tar initiativet. Etter ein corner er det rot i feltet og Fyllingen får putta ballen inn bak Morten.

2.målet til Fyllingen kjem etter at Fyllingen får kast på eigen halvdel og køyrer ein rask tversover og dei kjem inn i bakrommet og kan putte ballen bak Morten. 3.målet kjem rett før pause og Viggo sliter med å presse angriparen til Fyllingen som får til eit velplassert skot frå 20 meter. Viggo skapar ikkje mykje i 1.omgang men vi har nokon halvsjansar mot slutten og kunne hatt ei redusering.

I 2.omgang startar Viggo best og vi pressa Fyllingen. Vi får og uttelling etter ein flott prestasjon av Ørjan når han puttar ballen i hjørnet bak Fyllingen sin keeper. Viggo forsøker vidare etter reduseringa, men vi får ikkje fleire mål. På ein overgang får Fyllingen kjem spissen aleine i bakrommet og setter sikkert inn 4-1, som og blir sluttresultatet.

Viggo spelar ein bra kamp med god innsats av heile laget, men i dag møter vi eit lag som er på eit høgare nivå og vi tapar alt i alt fortent.

Nymark anlegget. Vi var fast bestemte før kampen at vi skulle gå ut å vise at vi var det beste laget.
Kampen starta ganske jamt og ingen av laga klarer å skape nokon store sjansar dei første 20 minutta. Thomas må gje seg midt i første omgang etter

 

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com