Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Djerv 2 - Sk Viggo   2-3  (0-1)

 


Fredag 11.juni 2010 17:15, Møhlenpris Kunstgras

Dommer: Martin H. Nielsen

Lagoppstilling:
Trond;
Kent-Ove; Ove; Thomas; Anders;
Victor; Kurt; Olav; Marcin;
Ørjan; Martin B
 

Innbyttere:
Roger;
Marius E;

Mål:
0-1 - 45 min - Martin B
0-2 - 65 min - Martin B
1-2 - 70 min
1-3 - 80 min - Olav
2
-3 - 85 min

Kampfakta:
Ein regnfull juni ettermiddag satte vi kursen til tradisjonsrike Møhlenpris. Kampen startar jamspelt, men Viggo riv til seg initiativet ganske kjapt. Vi styrer det meste av det som skjer og vi spelar til dels fin fotball. Vi skapar og ein del store sjansar, spesielt når vi kjem oss rundt på kantane. Victor kjem til kjempesjanse midt i førsteomgangen, men skotet blir stoppa på streken. Når vi nærmar oss pause får vi endelig utteljing for overtaket i spelet og Martin B setter sikkert ballen inn etter flott forarbeid av Marcin på venstrekanten.

I andreomgang startar vi med å forsette å styre kampen. Vi har god kontroll bakover og skapar nokon halvsjansar framover på bana. Midtveis i omgangen setter Victor fart på frå midten av og drar av eit par mann før han spelar igjennom Martin B som sikkert setter ballen bak keeperen til Djerv og vi tar ledelsen 2-0.
Etter dette skal vi styre kampen inn til ein sikker seier, men vi kan dette med å gjere det spennande. Forsvaret rotar litt med ei avklaring og dette gir Djerv sjansen til å score reduseringa til 2-1. Deretter scorar Olav sitt første for sesongen etter eit innlegg frå Marcin. Igjen blir det spennande mot slutten når forsvaret rotar litt igjen og gir Djerv sjansen til å redusere nok ein gang. Mot slutten blir det litt press mot Viggo målet, men vi helde unna og tar ein viktig borteseier mot eit godt Djerv lag.

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com