Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Krabbetor - Sk Viggo 2-4 (1-1)

>

Lagoppstilling:
Trond;

Tim; Ove; Martin P; Cato;

Marcin; Kurt; Kristian; Eirik;

Ørjan; Martin B;

Innbyttere:  
Vidar;
Victor;

Mål:
1-0 - 3 min
1-1 - 30 min - Martin B
1-2 - 60 min - Ørjan
1-3 - 70 min - Eirik
1-4
- 75 min - Martin B
2-4 - 85 min

 

Sesongens toppoppgjer i 6.divisjon avd 02 vart litt forsinka før avspark på grunn av ein NM kamp som ikkje litt forsinka.
Kampen starta med at Viggo tapa myntkastet og får motvind i 1.omgang. Vi tar avspark, men Krabbetor kjem best i gang og etter ein corner blir det klabb og babb framfor målet til Viggo stangar Krabbetor tilslutt inn 1-0 ledelse. Viggo tar seg saman og utover i 1.omgang tar vi over meir og meir av kampen. Etter omlag 20 minutter får Viggo ein kjempesjanse med Martin som kjem aleine med keeper men han klarer ikkje å få ballen i mål. 10 minutter får Martin ein ny sjanse etter flott Viggo spel og han løftar ballen flott over keeper til utligning 1-1. Rett før pause får Ørjan ein sjanse etter flott pasning av Kurt, men ballen går like over mål, slik at det står 1-1 ved halvtid.
I pausen er vi fast bestemte på at vi skal ta seieren i toppkampen og vi går ut i 2.omgang og tar kontrollen. I medvinden pressar vi Krabbetor langt på bana og vi har spelar i periodar bra fotball. Uttellinga kjem etter 60 min når Ørjan får ballen på venstresida og vender opp og scorar ein kandidat til årets mål på Nymark anlegget. Ballen susar inn heilt oppe i vinkelen i motsatt kryss. Eit fantastisk mål!!
Viggo forsetter presset og etter 70 minutter sler Martin P ein lang ball mot Martin B som jobbar veldig bra og vinner duellen mot keeper. Han sler ballen til Eirik som enkelt scorar sitt mål nummer 14 for sesongen. Vi held oppe presset og Martin B puttar sitt andre for dagen 5 minutter seinare.
Krabbetor kjem med ein sluttspurt når dei får ei redusering 5 minutter før slutt men vi står i mot dei siste minutta og tar ein fortent 4-2 seier over avdelingsvinnaren!!
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com