Mål:
0-1 - 1 min
0-2 - 48 min
0-3 - 55 min
0-4 - 65 min
1-4 - 80 min - Kurt
Før kampen var det klart at Roger måtte debutere som keeper for Viggo
etter at David var travelt opptatt med å vere far og Trond ikkje var
komt seg heilt over C-momenta han prøvde på i trappa tidlegare i veka. I
tillegg mangla toppscorar Eirik, men det var likevel eit godt Viggo lag
som var klare til å møte Tornado. Kampen starta med avspark til Viggo,
men det var likevel Tornado som kom best i gang. Før det var gått 1
minutt måtte Roger plukke ballen ut av målet og vi har fått verst
tenkelig start på kampen. Tornado forsetter å presse og dei første 10
minutta er det einvegskøyring på Nymark. Etterkvart tar Viggo meir tak i
det og utover omgangen spelar vi oss kraftig opp og har bra kontroll på
det som skjer. Vi kjem til nokon få sjansar men klarar ikkje å putte
ballen i mål.
I pausen er vi bestemte på å heve oss enda eit hakk og klare å få med
oss poeng frå kampen. Slik skal det ikkje gå og Tornado går rett i
angrep og puttar etter 3 minutter til 2-0. I løpet av dei neste 20
minutta puttar Tornado 2 gangar til slik at stilllinga er 4-0. Tornado
spelar fin fotball i denne perioden og Viggo henger ikkje med. Mot
slutten hevar Viggo seg litt igjen og Kurt scorar sitt første mål for
Viggo når han vender vekk 3 Tornado spelarar og dunkar ballen i mål. Mot
slutten kunne Viggo fått enda eit par reduseringar, men alt i alt taper
vi vår første kamp for sesongen vel fortent etter å blitt utspelt av eit
godt lag i periodar av kampen.
Tornado sitt referat kan lesast
her.