Mål: 1-0 - 4 min
1-1 - 18 min - Eirik
1-2 - 27 min - Tim
1-3 - 80 min - Stian
Årets lengste bortekamp og vi reiste til Fedje med berre 11 mann. Vi
hadde planlagt ankomst kort tid før avspark og dermed blei det dårlig
med oppvarming før kampen. Og det virka ikkje som vi var heilt med fra
starten av og Fedje klarte å score mål etter allereide 4 minutt. Langt
innkast som Viggo ikkje klarar å få vekk og Fedje tuppar ballen inn i
målet. Viggo prøvar å spele litt fotball i starten av kampen men
forholda gjer det umuleg å spele langs bakken. Bana har nok ikkje vore
slodda sidan sist det var rally på Fedje. Trass i motvinden kjem vi oss
inn i kampen igjen og vi kjem oss til ein del sjansar utover i 1.omgang.
Etter 18 minutter tar Roger ned eit oppspel og spelar fint igjennom
Eirik som puttar sin andre for sesongen til utligning 1-1. Vi holder
oppe trykket og etter 27 minutt kan Tim sette inn 2-1 målet. Resten av
første omgang har vi fleire sjansar til å auke ledelsen, men vi er ikkje
effektive nok foran mål.
2.omgang blir omtrent som første omgang. Viggo har det som er av spel,
medan Fedje kun sler langballar og satsar på innkast. Vi får ikkje nokon
mål før etter omlag 80 minutter når Stian gjer som han får beskjed om av
Roger og setter eit frispark mot bakerste stolpe og ballen susar inn til
3-1 seier for Viggo.
Vi har dermed full pott etter 2 kampar og har fått ein god starte på
sesongen.