Innbyttere:
Andreas
Eirik
Kent-Ove
Victor
Bobbie
Olav
Dan
Tim
Mål: 1-0 - 20 min
2-0 - 35 min
3-0 - 70 min
3-1 - 80 min - Ove
Kamp mot Fyllingen på den flotte Framo bana ved Varden og lett snøver
minna oss på at det er nokon veker til seriestarten enda.
Vi bestemte oss før kampen for å spele 4-4-2 og sidan ny trenar ikkje
var på plass var det Pål som leia laget denne kampen.
Vi starta kampen ganske bra og vi lar ballen gå og prøvar å komme oss
rundt på kantane. Til tider snur vi litt for mykje opp i samme
situasjonane igjen istadenfor å snu spelet men dette kjem seg nok til
serien startar.
Vi har stort sett godt kontroll på Fyllingen, men dei er litt farlige
når dei sler langt å flyttar laget raskt etter. Etter 20 minutter kjem
Fyllingen rundt på sin venstrekant og sler eit flott innlegg som ein
Fyllingen spelar klarer å heade i mål etter duell med to Viggo spelarar.
2. målet til Fyllingen kjem etter at Viggo ikkje avklarar skikkelig og
skuddet går via keeper og inn i målet til pausestilling 2-0. I pausen
byttar vi ein del i laget og utover 2.omgang kjem alle innbyttarane inn.
Vi startar bra i 2.omgang og styrer det meste av spelet. Vi kjem
etterkvart til fleire store sjansar, men utan at vi klarar å omsette
dette til mål. Fyllingen skapar nesten ingenting i denne omgangen, men
dei klarar likevel å omsette den første sjansen dei får i omgangen til
teljande resultat.
Viggo får seg eit trøstmål etter ein flott corner frå Stian kan Ove
heade inn sluttresultatet 3-1.