Haustens første heimekamp gjekk mot Øygard 2, eit lag som vi slo 2-0
på bortebane i mai.
Kampen startar bra for Viggo og vi styrer kampen heilt i frå starten. Vi skapar
mange sjansar og har mange fine kombinasjonar. Vi får ikkje uttelling før omlag
midtveis i omgangen. Ein ball blir slegen inn framfor mål, og etter litt klabb
og babb får Bjarte satt inn ballen til 1-0 ledelsen til Viggo. Vi styrer og
resten av omgangen og skapar fleire store sjansar, blant anna eit stolpeskot
rett før pause. Men vi klarar ikkje å score fleire i 1.omgang og stillinga er
dermed 1-0 til pause, men vi kunne sikkert hatt 5 med litt betre uttelling.
Andre omgang blir litt jamnare, men er og no Viggo som startar best. Men vi
sliter med å få uttelling på sjansane vi skapar. Øygard skapar lite, men ein
misforståelse mellom Ove og David gjer at den raske spissen til Øygard kjem
igjennom og kan utligne til 1-1. Etter målet slite Viggo med å få tak i kampen
igjen, og det er Øygard som styrer kampen dei neste 10 minutta. Etterkvart får
vi betre tak på det igjen og vi kjem oss høgare i bana. På ein dødball kjem får
vi fleire avslutningar og ein Øygard spelar leikar keeper utan å vere det slik
at Viggo får straffe. Ove tar straffa og setter den sikkert i mål til 2-1
ledelse til Viggo. Etter målet har Viggo bra kontroll i nokon minutt, men mykje
bytting mot slutten gjer at vi mistar initiativet igjen og må forsvare ledelsen
med nebb og klør siste minutta. Men vi holder målet tett bakover og kan ta i
land sesongens 3.seier. |