Vårsesongens siste kamp gjekk borte mot topplaget Nordre Fjell på
kunstgrasbana på Ågotnes. Vi starta igjen i 4-2-3-1 formasjon og gjekk ut ganske
høgt i bana. Nordre Fjell viser kjapt fram kvifor dei berre ein kamp sålangt i
sesongen og har ein del fine kombinasjoar som skaper problem for Viggo. Vi
klarer likevel å halde unngå dei store sjansane imot heilt fram til halvspelt
omgang, når Trond er uheldig å kjem bort i spissen til Nordre Fjell etter at
ballen har trilla ut av bana. Dommaren peikar på straffemerket og sjølv om Trond
er nære på å ta den klarar han ikkje å hindre 1-0 målet til Nordre Fjell. Etter
målet pressar Nordre Fjell vidare på og har nokon store sjansar til å auke
ledelsen før pause. Viggo har lite å by på framover og vi sliter med å få flytta
opp spelet vårt. Vi blir i tillegg brotne nokon gangar på vei framover og det
skapar farlege kontringar.
I pausen bestemmer vi oss for å bli meir kompakte mellom midtbane og forsvar og
samtidig legge press på kapteinen til Nordre Fjell slik at han ikkje skulle få
slå dei lange ballane i bakrommet. Dette fungerar bra og i 2.omgang har Nordre
Fjell kun nokon få halvsjansar. Viggo kjem derimot meir med i kampen og vi får
flytta spelet høgare opp i bana og vi kjem på ein del hurtige overgangar som med
litt meir presisjon i siste trekk kunne blitt mål av. Største sjansen har Stian
når han blir spelt gjennom åleine med keeper, men han er uheldig og treffe midt
på keeper med avslutninga.
Kampen endar dermed med 1-0 til Nordre Fjell, men Viggo har grunn til å vere
stolte over innsatsen i denne kampen. Vi møter eit godt lag og vi gir dei kamp
heilt siste minutt. |