På ein regntung septemberdag i Bergen skulle Viggo
prøve å ta sin andre heimeseier for sesongen på kunstgraset på Nymark.
Motstandar var Slutt, eit lag som slo Viggo 4-0 tidlegare i sesongen.
Før kampen bestemte vi oss for å gå ut å kjempe like hardt som forrige gang, og
presse Slutt høgt på bana. Dette starta bra for Viggo og vi fekk allereide etter
5 minutter første scoringa når etter eit fint angrep på venstre der ballen blir
spelt tilbake til Ove som skyter ballen i lengste hjørne. Viggo forsetter
presset og Henning setter inn 2-0 med ein fin lobb. Etter dette kjem slutt til
ei sjelden avslutning og dei setter ballen inn til 2-1. Ikkje lenge etter blir
Marcin stoppa på veg mot mål, og straffa setter Henning sikkert i mål til 3-1.
Bobbo blir deretter fint spelt igjen og setter inn 4-1, før Knut er framme på
ein corner rett før pause og dunkar ballen i mål. I pause bestemmer vi oss for å
forsette den gode trenden og Knut forsetter med å sette inn 6-1, før Slutt
reduserer til 6-2. Mot slutten blir det polsk samarbeid og Shatty setter inn 2
og Marcin 1 slik at det ender 9-2 til Viggo.
Alt i alt ein veldig bra kamp av Viggo, spesielt i 1.omgang styrer vi alt som
skjer på bana. Einast negative må vere at vi ikkje klarer å spele like bra i
2.omgang, men er likevel ein kjempeinnsats av alle som er med på Viggo denne
dagen!
Neste kamp no er mot Kalandseid som ligger på 2.plass på tabellen. Litt
usikkerhet om kampen blir spelt på laurdag, men info om dette på mandagens
trening.
|