Borte kamp mot Orion som vi slo i ein treningskamp
tidlegare i år. Kampen starta ganske bra for Viggo. Vi presser Orion høgt og
tvinger dei til å gjere feil i sine bakre rekker. Vi skapar ein del farlige
overganger og kjem fleire ganger ned på høgrekanten men innlegga blir for
dårlige. Orion kjem meir inn i kampen utover omgangen uten på noke måte å køyre
over Viggo. Første omgang ebbar ut med 0-0, som etter spelet i første omgang er
ganske rettferdig.
Andre omgang startar ganske jamt, men etterkvart tar Orion over og styrer meir
av spelet. Etter omlag 55 minutter får Orion frispark fra 20 meter, dei skrur
ballen heilt i vinkelen til 1-0 til Orion. Etter dette faller Viggo litt sammen
og 2-0 og 3-0 følger ikkje lenge etter. Viggo tar seg så sammen og Helge går på
eit raid bakifra og dunker ballen i stanga fra omlag 20 meter, men Thomas er
fint framme og setter ballen i mål til 3-1. Like etter er Orion på nytt frampå
og legger på til 4-1. Like før slutt får Jørn ei pasning fra Ove og drar seg
fint ned på kanten og setter inn redusering til 4-2. Flott mål av Jørn.
Dermed endar kampen 4-2, der vi spelar ein bra første omgang, men blir køyrt
hardt av Orion i andre omgang. |