Første seriekampen gjekk på det nye kunstgraset på Hetlevik.
Kampen starta rotete for begge lag og første 5 minutta er det ingen som
tar noko initiativ. Etterkvart tar Askøy over og styrer deretter det
meste i første omgang. Etter omlag 10 minutter får dei ein corner, og
Viggo er for svake i markeringa og lar Askøy heade inn 1-0. Etter dette
forsetter Aksøy og styre og hindra Viggo å komme inn i kampen. Men dei
får ikkje utteljing på sjansane før etter 35 minutter når dei spelar seg
gjennom forsvaret og setter ballen bak Morten.
I første omgang har Viggo lite av spelet og skapar kun eit par cornera.
I pausen bestemmer vi oss for å kjempe vidare og 2.omgang startar vi med
å styre det aller meste som skjer. Første halvtimen styrer vi det aller
meste som skjer, men utan å komme til dei heilt store sjansane. Etter 75
minutter får Askøy eit frispark som fleire ikkje forsto noko av. Dette
setter dei rett på Morten og Viggo er for svake på returen som Askøy får
sette upressa i mål.
Viggo faller litt saman etter dette, men vi får trua igjen 5 minutter
seinare når Børge jagar ei klarering og får stussa ballen i stoplen og
igjen er Askøy raskt framme på returen, men litt for raskt denne gangen
då forsvararen springer ballen inn i mål.
Viggo kjempar så vidare utan å få til nokon heilt store sjansar. Rett
før slutt får Askøy enda eit mål og avgjer kampen til 4-1.
Dårlig start på sesongen for Viggo. Vi hevar oss i starten av 2.omgang
og det må vi prøve å ta med oss inn i neste kamp mot Apollo på laurdag. |