Bana var overraskande bra etter snøfall natt til søndag. Kampen starta
ganskee jamnt og det var ganske lite som skjedde i starten. Første som
skaper litt action i kampen er Bobbo som er ueinig med dommaren om eit
innkast og pratar elegant på seg eit gult kort. Ikkje lenge etter tar
Bobbo ei takling bakifra og er på ballen. Dommaren blåser frispark og
Bobbo er ganske nær rødt kort i denne situasjonen. Men heldigvis får vi
forsette med 11 mann. Viggo tar etterkvart over initiativet i kampen og
styrer etterkvart det meste av det som skjer. Vi sliter med å skape
sjanser og største sjansane kjem etter cornera. Christian har tre flott
cornera fra venstre, dei to første blir heada like utanfor, før Svein
svevar høgt over alle andre og styrer elegant inn 1-0 til Viggo. Etter
scoringa forsetter vi å presse og fem minutter før pause fører fint spel
fra venstrekanten at Bjarte får ballen innanfor 16 meteren og han
plasserer iskaldt ballen forbi keeper til 2-0. Vi leder dermed fortent
2-0 til pause i ein omgang vi styrer ganske bra. Andre omgang startar
med at SBK skaper ein del farlige overganger. Vi blir litt passive i ein
del dueller og gjer ting litt vanskelig som gjer at SBK vinner ballen i
farlige situasjoner. Dei kjem ikkje til dei heilt store sjansane og
Kristoffer ordnar flott opp i alt som kjem forbi forsvaret. Kampen blir
dermed ståande og vippe litt i andre omgang, vi klarer ikkje å skape
sjansane som gjer at vi kan avgjere kampen og SBK kjempar for å få ei
redusering. Omlag fem minutter før slutt kjem målet som punkterer
kampen. Svein styrer enkelt inn eit skudd fra David til 3-0 ledelse til
Viggo. I slutt minutta får vi og fleire sjanser til å auke ledelsen enda
meir, men klarer ikkje å omsette sjansane i mål. Vi vinner tilslutt 3-0
etter ein ikkje altfor god kamp. Vi har spelt fleire kampar iår som har
vore betydlig betre enn denne og vi må nok heve oss for å kunne slå
Minde i kampen kommande fredag. |