Kampen start ikkje så bra for Viggo. Orion tok tidlig initiativet og tok
ledelsen ganske tidlig. Orion spelar sler ei gjennombruddspasning mot
høgrekanten, men Helge stoppar pasninga men er uheldig og ballen går
rett i beina på Orion spissen som setter ballen kontrollert forbi
Morten. Men trass i det tidlige baklengsmålet forsetter vi med spelet
vårt og tar etterkvart over styringa i kampen. Orion får ikkje spelet
sitt til å sitte og blir tvungne til å slå mykje lange ballar i
bakrommet. Etter 20 minutter kjem Viggo ned på venstrekanten og får
ballen inn i midten. Etter litt kriging inne i feltet setter Børge
ballen heilt opp i hjørnet og utlignar til 1-1. Etter utligninga
forsetter vi med spelet vårt og etter omlag ein halvtime kjem ballen
igjen inn fra venstresida. Svein krigar godt og sler keeperen til Orion
i lufta, og på stussen til Svein er Bobbo på plass og headar ballen i
mål. Thomas var kanskje bort i denne før den gjekk inn, men uansett eit
flott mål.
I pausen bytter vi 5 spelarar og omrokkerer litt på laget, men
startar 2.omgang som vi avslutta 1. Ikkje lenge etter pause får vi
resultater då Knut I setter inn sitt første for dagen. Vi forsetter å
styre kampen etter dette og har bra kontroll på det meste fram til Orion
får sin første?? corner i kampen etter 65 minutter. Dette startar 5
minutter med cornar galskap i Viggo forsvaret. Orion scorar på tre
cornarar på 5 minutter og tar dermed ledelsen 4-3. Er vel heilt tydelig
at dette er eit område vi kan forbedre oss i fram mot seriestart i
april. Vel etter dei tre raske måla er stemninga ganske dyster, men vi
klarar likevel å heve oss og kjempe oss inn i kampen igjen. Og omlag 10
minutter før slutt får Knut I satt inn utligninga til 4-4 etter innlegg
fra Vidar på venstrekanten. Og vi gir oss ikkje med det og forsetter
køyret og får vinnarmålet 5 minutter seinare. Igjen er det Knut I som er
sist på eit innlegg fra venstre.
Vi sikrar oss dermed seier over Orion, som vi i fjor tapte vi begge
kampane mot. Tyder dermed på at vi er i god rute før sesongen, men det
er no viktig å jobbe hardt vidare på trening. Ingen grunn til å ta av på
grunn av seier i ein treningskamp i februar. Føler meg trygg på at når
vi møter Orion igjen i serien seinare i år kjem dei til å framstå som
eit mykje sterkare lag enn det vi såg denne kampen. Men jobbar vi hardt
på treningane framover er det ingen grunn til at vi ikkje skal kunne slå
dei i serien og. |