Første kamp i vinterserien enda med seier 2-0 til
Viggo over Skansemyren.
Kampen starta jamnt uten noko spesielt press til
nokon av laga. Etter 17 minutter fekk Thomas ein sjanse med eit
kanonskudd, som blei etterfølgd av to cornarar. Etter 34 minutter
var det rot i Viggo sitt forsvar og det hold på ende med sjølvmål.
Rett før pause har Skansemyren ein ny stor sjanse etter ei heading
på ein corner.
Etter pause startar Viggo bra og Daniel scorar sitt
første mål for klubben etter ei flott heading etter ein corner fra
Børge. 5 minutter seinare har David eit kanonskudd som smeller i
tverrliggaren og ut på bana igjen.
Etter 68 minutter kjem Kjetil igjennom aleine med
keeper og setter ballen sikkert i mål bak keeper.
Litt dramatikk på slutten når Morten mista eine
linsa, men Kristoffer kjem inn å spelar bra siste 10 minutta som han
og gjorde før pause.
Kampen enda dermed 2-0 og Viggo tok ein fortent seier
i første treningskampen.
Takk til Vidar for kamprapport. |