Sesongen nærmar seg slutten og alle laga har no 2 kampar
igjen før sesongen er over.
11-ar laget møtte laurdag topplaget Voss og vann
kampen
4-3 og sikra med det plassen i 6.divisjon. Samtidig
er det forsatt teoretisk mulig å rykke opp til
5.divisjon, men det er veldig mykje som skal til for at
det skal skje.
Haustsesongen har variert og starta med 2 tap mot Lyngbø
(3-0)
og Bjarg (0-4),
før det kom to viktige seirar mot Utsikten (1-2)
og Hetlevik (3-2).
I begge desse kampane kom vi under og snudde det til
seier. Kampen mot botnlaget Askøy enda med
2-1 tap før vi slo topplaget Voss på Viggo stadion.
For
11-ar laget gjenstår då ein kamp mot Myrdal på fredag
5.oktober (20:00) og siste kampen borte mot Smørås
søndag 14.oktober klokka 18:00. Myrdal kjempar i botnen
og må ha poeng for å sikre plassen, samtidig skal vi ta
revansje for tapet i første serierunde. Smørås kjempar i
toppen og må ha fleire poeng for å sikre opprykket.
Samtidig er Smørås sitt førstelag allereide oppe, så
det
kan
bli ein tøff kamp for Viggo.
7-ar lag Viggo 1 har vunne to kampar i haust (10-3
over NHH3 og
7-5 over Laksevåg), samtidig som det har blitt 4 tap
(4-12
mot Kalandseid,
10-7 mot Trott,
9-7 mot Arna-B og
9-7 mot Flaktveit). Dei gjenverande kampane er heime
mot Smørås 14.oktober 20:00 og borte mot Høyden
28.oktober 18:00.
7-ar lag Viggo 2 har vunne to kampar i haust (15-5
mot Årstad og
3-16 over Fri), spelt 1 uavgjort (3-3
mot
Nordhordland)
og tapt 2 kampar (9-3
mot
Øyglimt og
5-6 mot Myrdal).
Dei gjenverande kampane er heime mot Smørås 14.oktober
20:00 og borte mot Høyden 28.oktober 18:00.