Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

23-12-2008
Stian sitt sesongtips for sesongen 2009


Vurdering av 6.divisjon Avd. 2 sesongen 2009

Då har øyeblikket me har venta på sia me satt i garderoben på Krohnsminde i øldunsten frå Nordre Fjell si oppryksfeiring 5. oktober komen.  NFF har gitt oss vår avdeling for neste sesong og den inneheld som vanlig både hummer og kanari.  Eg skal her gå igjennom samtlige motstandere og vurdere våre muligheter for neste sesong. Vi skal som kjent trene oss opp no til ein regatta som skal ende opp i 5.divisjon medio oktober 2009.

6.divisjon Avd.2 2009:

Fusa

Skogsvåg

Kalandseid

Mann

Olsvik

Viggo

Hausvik FK

Øygard 2

Krabbetor FK

Tornado Bergen FK

  

Fusa

Heimebane:                 Eikelandsfjorden Stadion (gress)

Plassering i fjor:          11.plass 5.div Avd. 1.

Målsetning i år:           Opprykk

Pass på:                      Werner Skaathun (scorte 30mål for to år siden da Fusa sist var i 6.divisjon) og Stian Håvik (liten og kjapp tekniker med fortid i Norheimsund og Os)

Fusa legg bak seg ein skuffande sesong som til slutt etter mykje fram og tilbake enda med nedrykk.  No har dei satsa hardt og ansatt ny trenar i form av Robert Stensønes som kjem frå hjelpetrenarjobben i Os. Med trening 3 ganger i veka, spissa tropp og et par kvalitetsspelere satsar Fusa på at opphaldet i 6.divisjon blir kortast mulig.

Konklusjon:                 All erfaring tilsier at trenere som kjem frå hjelpetrenerrollen ikkje har det som trengs. Kombiner dette med litt for ivrig satsing spår me at Fusa får ein skuffandes sesong  og enda litt bak toppen.

Tabelltips:                   4

 

Skogsvåg

Heimebane:                Skogsvåg Stadion (kunstgress)

Plassering i fjor:         2.plass 6.div Avd. 3

Målsetning i år:          Opprykk

Pass på:                      Gunnar Landro (rutinert midtstopper som også er trener, farlig på dødballer, muligens i slekt med tidligere Brannback Vegard Landro)

Skogsvåg klarte utrulig nok å rote vekk opprykket frå vår eiga avdeling i fjor etter at vi gjorde det vi kunne for å hjelpe dei.  Med 2-6 på heimebane mot Kalandseid endte dei på 2.plass og måtte ut i kvalikk der dei ikkje nådde opp.  Vi fekk eit sterkt 1-1 resultat i fjor borte tidlig i sesongen før vi på høsten tapte klart 3-0 i ein kamp vi allerede har gløymt. Satsar i år på å gjere det eit par poeng bedre enn i fjor og dermed klare opprykket.

Konklusjon:                 Etter å ha vore so nærme i fjor blir ikkje Skogsvåg meir enn ein middelhavsfarer i år.

Tabelltips:                   5

Kalandseid

Heimebane:                Kalandseid idrettsplass (kunstgress)

Plassering i fjor:         3.plass 6.div Avd.3

Målsetning i år:          Kjempe om opprykk

Pass på:                      Surmulende venstreback som meiner me på Viggo e ”nokken jævla striler”.

Kalandseid havna på ein sterk 3.plass i vår avdeling i fjor men var allikevel aldri med i tetstriden. Enda til slutt 8p bak 2.plassen og var saman med Bønes ein del i ingenmannsland på høstsesongen.  Sjølv spelte me 1-1 heime tidlig på sommeren. Borte spelte me ein meget god 1.omgang der me leda 1-0 men et par småskader og bytter gjorde at me leverte ein dårlig andreomgang og tapte heile 4-1. Kampen bar ellers preg av ein del drittslenging.

Konklusjon:                 Gjer det ikkje like bra i år sia dei komme til å ha mindre flaks og bruke enda meir tid på å slenge med kjeften enn å spele fotball. Viktig å kjempe dei ut av stilen.

Tabelltips:                   6

 

SK MANN

Heimebane:                Nymark Kunstgress 04

Plassering i fjor:         4.plass 6.div Avd. 2

Målsetning i år:          Ha det kjekt

Pass på:                      Sølve Rydland (toppscorer i fjor med 10mål, forøvrig det dobbelte av vår toppscorer. Tidligere stortalent med meget giftig venstrebein)

SK Mann sleit stort i høstsesongen og  klarte kun 1 siger. Kom allikevel på ein 4.plass i ein avdeling sterkt prega av dei ustabile 2.laga. Hadde i tillegg problemer med nok spelere og mange skader i fjor. Kommer nok til å slite meir jevnt over i år i ein noko sterkare avdeling. Ettersom me stort sett trenar ved sia av dei kvar mandag er det gode muligheter for at dette er eit lag me kan kjenne godt. Såvidt eg husker har me henta fleire baller for dei enn dei har henta for oss i sesongen som har gått.

Tabelltips:                   7

 

Olsvik

Heimebane:                Olsvik idrettsplass (grus)

Plassering i fjor:         4.plass 6.div Avd.1

Målsetning i år:          Bedre enn i fjor

Pass på:                      Spretten på den sletne grusbana som har felt mange velspelande lag.

Olsvik, som anskje er mest kjent for FIFA-dommer Terje Hauges heimplass, havner altså i vår avdeling i år. Nettopp Olsvik Idrettsplass kan bli frykta neste sesong då overgangen mellom kunstgress og grus som alle veit kan vere frykteleg. Vil nok ta mykje poeng heime.

Tabelltips:                   8.plass

 

Hausvik

Heimebane:                 Haus Idrettsplass  (grus)

Plassering i fjor:          7.plass 6.div Avd.1

Målsetning i år:           Unngå nedrykk

Pass på:                       Mons Ivar Mjeldes  bidrag til heimplassens store stolthet!

Haus enda altså tredje sist i den 9 lags sterke avd.1 i fjor.  Ute på vindutsatte Osterøy kan dei bli ei tøff nøtt å knekke for fleire lag. Når sauebøndene må inn  i storbyen og spele på moderne og kjapt kunstgressunderlag skal ein riktignok klare å slå dette laget.

Tabelltips:                   9.plass

 

Øygard 2

Heimebane:                 Straume kunstgress 1

Plassering i fjor:          8.plass 6.div Avd. 3

Målsetning i år:           Unngå nedrykk           

Pass på:                       At førstelaget har kamp samtidig...

Reservene til Øygard er det eineste 2-laget i vår avdeling neste år. Dette er eit lag som vil tape dei fleste kampene men som i enkeltkamper med fleire førstelagsspelere nok kan slå dei fleste.  Vi tar to forholdsvis greie seirer med 2-0 borte og 2-1 heime.

Tabelltips:                   10.plass

 

Krabbetor FK

Heimebane:                Nymark grus 05

Plassering i fjor:        1.plass 7.div Avd. 5

Målsetning i år:          Opprykk

Pass på:                      Midtbaneeleganten Ole-Petter Mundal med 11mål i fjor.

Krabbetor er eit nyoppstarta vennelag som stort sett består av tidlegere Askvoll/Holmedal og Dale-spelere. Etter å ha surfa gjennom med 16 sigrer og 2 uavgjorte for så p gå ubeseira gjennom KM har det fintspelande laget ikkje mindre ambisjoner i sitt andre år. Dei går for direkte opprykk og dei kjem også til å klare dette.

Tabelltips:                  2.plass

 

Tornado Bergen FK

Heimebane:                 Nymark grus 05/Slettebakken grus 01

Plassering i fjor:          1.plass 7.div Avd.

Målsetning i år:           Opprykk

Pass på:                      Spiss Ronnie Refvik Riise som scora heile 18 mål på 9 kamper i fjorårssesongen. Virker i tillegg som ein knakandes kjekk fyr då hans beste fotballminne er CL-finalen i 2005. I tillegg hadde han 2 kamper for Viggo i 2005.  Som ein kuriositet kan ein nevne at tidlegare Brannspeler Eivind Iversen bidro med 4 mål på 4 kamper.

Tornado Bergen er Bergensavdelinga til Tornado FK litt lenger nord i landet. Dei er sannsynligvis den mest profesjonelle klubben med både supportershop og eigen sang. Med mykje rutine frå høgare divisjoner kan dei spele fotball på eit høgt nivå men som me veit, gode spelere gjer ikkje nødvendigvis det beste laget.

Tabelltips:                   3

SK Viggo

Heimebane:                Nymark kunstgress 04

Plassering  i fjor:       6.plass 6.div Avd. 3

Målsetning i år:          Vinne regattaen

Pass på:                      Ineffektivitet

Viggo hadde i fjor ein ikkje altfor sterk vårsesong som vart prega av ny formasjon, ustabil kamptropp og lite oppmøte. I løpet av sommaren fekk vi så og seie eit heilt nytt lag som førte til bedre prestasjoner, dog litt ustabile. Men med den troppen me har for øyeblikket så satsar me på at folk finner posisjonene sine og at laget blir samspelt. Då går me for gull.

Tabelltips:                  1

 

Tabelltips 6.div Avd.2 Sesongen 2009

1.                        SK Viggo

2.                        Krabbetor FK

3.                        Tornado Bergen FK

4.                        Fusa

5.                        Skogsvåg

6.                        Kalandseid

7.                        SK Mann

8.                        Olsvik

9.                        Hausvik

10.               Øygard 2

 

Kuriositeter

ü     SK Viggo, Krabbetor FK, Tornado Bergen FK og SK Mann har alle heimebane på det praktfulle Nymark-anlegget. Derfor blir det ein internkonkurranse om å bli Nymarks beste lag, noko som har ein del å seie for både treningstider og generell trivsel i Nymarksområdet.

 

ü     Eivind Iversen som er ein legendarisk måljeger for Tornado fekk ein kamp for Brann 11.06.1997 i cupen mot Vadmyra.

 

ü     Tornado Bergen og Krabbetor sloss om å bli beste sognelag og Tornado Bergen er nok ute etter å hevne det forsmedelige 6-1 tapet i KM

 

ü     Tornado Bergen arrangerer i tillegg Winter League som er 6.divisjons svar på Royal League for at lag skal få god matching i ein tung oppkjøringsperiode. Foruten Tornado er også Kalandseidet og sKrabbetor med her.

 

ü     Fusa Fotball er eit sammenslåingslag bestående av Nordli og Eikelandsfjorden.

 

ü     Viggo var i ein periode på 30-tallet sett på som nummer 2 lag i Bergen bak Brann.

 

ü     Med 10 lag i avdelingen vil vinneren som oftest passere 40poeng. Dette tilsvarer 12 seirer, 4 uavgjorte og 2 tap. Nedrykksstriden pleier å ligge rundt 20 poeng, gjerne 2-3 poeng mindre.

ü     Krabbetor har visstnok fått navnet sitt på grunnlag av forsvarsspelar Tor Einar Erikstad sine tidlegare bedrifter.

<

Arkiv

>

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com