Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

29-06-2008
Dugnad og sommartrening. 


Etter ei vekes pause satsar vi no på trening førstkommande onsdag, 2.juli, klokka 20:30. Håpar flest mulig har anledning til å komme å delta på treningane i juli slik at vi holder formen ved like fram mot haustsesongen.

 

Så langt har vi ikkje hatt nokon dugnadar i klubben i 2008 no har vi to planlagt dugnadar i august og september som folk kan legge inn i planane sine. Alle skal som kjent ha 20 dugnadstimar i løpet av sesongen.
Første dugnaden er i forbindelse med Tall Ships Race som kjem til Bergen frå 9. til 12. august. Vi skal ha ei bod på bryggen der vi skal selge is, pølser og brus, og her trengst det då folk som stå. Dagane må nok delast opp i minst 2 skift. Ønsker tilbakemelding på kor tid det passar for kvar enkelt å delta på dette. Send gjerne ein mail eller ta kontakt med Pål på mobil.
Den andre dugnaden i haust er i forbindelse med Bønder i Byen som skal vere 12. til 14. september. Vårt arbeid blir då dei tre dagane før og etter dette med oppsetting av stands slik vi har hatt dei siste åra. Flott om folk allereide no merkar av dette i kalendaren. 

 

<

Arkiv

>

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com