12-02-2006
Seier mot Fjell-Kameratene
Søndagens kamp mot Fjellkameratene enda med 4-1 seier
til Viggo.
Lagoppstilling (4-4-2):
Morten
David - Ove -
Knut M - Christer
Bobbo - Bjarte(cpt) - Halfdan
- Vidar
Børge - Kjetil
Innbytter:
Christian inn for Kjetil (i pausen)
(Christian inn på Høgreback, David fram på kant og Bobbo opp på topp)
Mål:
0-1 10 min - Bjarte (str)
0-2 30 min - Ove
1-2 80 min
1-3 86 min - Børge (str)
1-4 89 min - Vidar
Kampen startar med at Viggo er berre 11 mann klare på Stemnemyren, og
ein del må spele i litt uvandte posisjoner. Men alle løyser oppgåvene
sine veldig bra.
Vi startar kampen fint og tar initiativet fra starten og styrer det
meste av det som skjer. Etter omlag ti minutter kjem Halfdan seg rundt
på venstrekanten og skjærer inn i feltet og blir felt på vei mot mål.
Dommaren blåser straffe som Bjarte setter sikkert i mål til 1-0 ledelse.
Etter scoringa forsetter vi å styre kampen og er flinke til å gjere ting
enkelt og spele ballen langs bakken. Etter omlag ein halvtime har vi
corner fra høgre som Vidar sler glimrande inn foran mål og Ove kan berre
stange ballen bak keeper.
Etter målet holder vi oppe trykket og inn mot pause skapar vi fleire
store sjansar som kunne blitt mål av. Fjell kjem rundt på kantane nokon
gangar men får ikkje presisjon i pasningingane inn i feltet så dei blir
ikkje spesielt farlige.
Andre omgang startar og med overtak til Viggo, men etterkvart kjem Fjell
meir inn i kampen og tar over initiativet.
10 minutter før slutt får Fjell uttelling for presset sitt og får ei
redusering etter fint spel. Etter målet vippar kampen veldig og begge
lag jobbar bra. 5 minutter før slutt får Viggo ny straffe etter hands av
Fjell, og Børge setter ballen sikkert i mål bak keeper.
Etter dette går lufta litt ut av Fjell og rett før slutt får Vidar god
tid på lengste stolpe etter innlegg fra høgre. Vidar dempar ballen
nydelig og sender ballen knallhardt i mål.
Viggo tar dermed sin 2.seier i vintercupen og
har såvidt webansvarlig skjønner vunne turneringa før siste kamp mot
Skansemyren. Uansett veldig positivt med nok ein seier og at vi spelar
bra fotball med mykje fine kombinasjoner. Men viktig og beholde beina på
jorda og jobbe knallhardt i treningane til veka.
|