Start | Årets Sesong | Sesong Arkiv | Nyheter | Klubbhistorie | Viggohytten | Linkar | |||
Hjertesukk fra web-ansvarlig….08-06-2005 Web-sida har no vore oppe i
litt over eit år, og besøket på sida har auka stort sett kvar måned. Siste to
månedane har der og vore eit diskusjonsforum der tanken var at spelarar og
involverte i klubben kunne diskutere ting som engasjerer, ikkje nødvendigvis
berre i klubben men og ting som skjer utanfor. I starten var det få som
diskuterte ting i forumet, men etterkvart har det blitt meir innlegg og
debattar. Gjestebok har vi og på sida,
og ideen bak den er at gjester som er innom kan legge igjen ei helsing eller
liknande, alltid kjekt å høyre både fra spelarar, motstander, tidlegare spelarar
og andre involverte. MEN diskusjonar er altså ment
å skje i diskusjonsforumet, men det virkar som ikkje alle skjønnar dette. I
etterkant av kampen mot Austrheim har samme ip-adresse (samme person?) lagt inn
tre innlegg i gjesteboka, med tre ulike signaturar. Først kaller vedkommande seg
”Austrheim”, for deretter å nytte navnet ”Viggo” og til slutt kalle seg ”BK”.
Alle innlegga virkar å henge godt saman for vedkommande seier seg jaffal einig
med seg sjølv. Temaet som blir tatt opp er diskusjon av laguttak og kven som bør
spele spiss på Viggo. Interessant debatt, men den har no vel ingenting i
gjesteboka å gjere. Det kan vel heller ikkje kallast ein debatt når samme
individ skriv innlegg kun for å støtte seg sjølv. Den første regel for å starte
ein debatt bør vel vere å skrive inn sitt eigentlig navn istadenfor å skjule seg
bak diverse aliaser. Takhøgda i Viggo er ganske høg, og alle har lov til å ha si
eiga meining, men skal ein ta del i/starte ein debatt bør ein i det minste vere
modig nok til å bruke sitt eige navn. Alt anna blir etter mi meining berre
patetisk. Ta gjerne diskusjonen omkring
laguttak og andre ting som engasjerer i diskusjonsforumet og forsett og bruk
gjesteboka til ting som passar inn der,
MEN bruk dykkar eigentlige navn. Mvh Webansvarlig Ove |
|||||||||
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com |