Start | Årets Sesong | Sesong Arkiv | Nyheter | Klubbhistorie | Viggohytten | Linkar |
Avslutningstur til Voss24-10-2004 Laurdag 23.oktober sette vi
kursen mot Voss for årets avslutningstur. Avreisa fra Nymark vart i beste
tradisjon noken minutt forsinka, men alle kom seg med og humøret var stigande.
Framme på Voss inntok vi idrettshallen for den tradisjonelle turnering. Vart
delt inn i 5 lag, Viggo, Liverpool, Brøndby, Brann Borte og Everton. Vart fleire
jamne kampar i turneringa, og det vart ikkje avgjort før i siste kampen kven som
vart vinnar. Men til slutt var det Everton hadde mest poeng og dei fekk utdelt
premiar for seieren. Etter turneringa var det
innsjekk på Fleischers
hyttene, før turen gjekk vidare til Dolly Dimples for litt mat. Der var det
og tipping før turen gjekk vidare til Hotell Jarl og tippekamp. Tippekampen var ikkje spesielt
spennande i seg sjølv men dei som hadde tippa stor heimeseier til Chelsea fekk
litt spenning i det. Til slutt var det trener Kjell Lygren som gjekk av med
seieren i tipping av rett resultat, mens Pål G. og Knut M. delte potten i den
tradisjonelle tippinga. Etter to kamper på Jarl var
det retur til hyttene. Der var det først oppsummering av sesongen av Pål. Så
overtok Kjell og delte ut pris til årets spiller og årets mest framgangsrike
spelar. Årets mest framgangsrike spelar vart Knut Løne og årets spelar var
keeper Morten Einarsen. Velfortente begge prisane. Etter det holdt Stian ein
flott tale på vegne av alle spelarane, og overrekte samtidig ein liten
oppmerksomhet til Pål, Åsmund, Jan Erik og Kjell som takk for innsatsen i årets
sesong. Etter dette var det fleire
skålar og taler, og festen flytta seg vidare til Voss sentrum. Søndag var det retur til
Bergen for ein trøtt Viggogjeng...... |
||||||
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com |